Opprykket er sikra!

Postet av Førde IL - Handball den 12. Mar 2024

H4 Florø-Førde 17-29 (7-16): Så kan vi endeleg juble for opprykk og seriemeisterskap i 4. divisjon. Biletet er frå ein tidlegare kamp, men gleda var like stor etter dysten i Florø måndag kveld. Florø viste seg å berre vere ein rundingsbøye på vegen mot opprykk. Særleg i første omgang var det klasseskilnad.

- Då spelte vi eksepsjonelt godt, seier lagleiar Leif Otto Olsen. Samspelet sat, forsvarsarbeidet fungerte godt, og Fabian Fimland stod fantastisk bra i mål. Etter 17 minutt stod det 3-11 på måltavla før det jamna seg litt meir ut. Ved pause leia Førde 16-7.

Om Olsen var nøgd med dei første 30 minutta, var han det ikkje med resten av kampen.

- Vi snakka i pausen om at vi skulle halde fram som vi gjorde første halvdelen, men i staden vart det gamle synder med manglande samspel og forsøk på soloprestasjonar. Poenga var aldri i fare, men det var litt irriterande.

På det næraste var Florø seks mål bak, men mot slutten auka forspranget igjen, slik at vi vann med 12 mål.

No står det att berre ein kamp, borte mot Bjørnar 3. Dersom vi skulle tape den kampen, og Bjørnar vinn alle dei andre kampane dei har att, kan dei ende på 23 poeng, som vi har no. Men vi slo det grundig heime, og det skal mykje til at vi ikkje vinn på innbyrdes oppgjer, så i praksis er seriemeisterskapen klar.

Opprykket til 3. divisjon er klart, vi rykkjer opp saman med Dale. Dermed har Førde avansert to divisjonar på to sesongar etter at vi starta oppatt herrelag. God grunn til å feire!

Måla til Førde: Lars Engen Skadal 8, Kristian Henden 5, Ole Kristian Gjerstad 4, Jakob Rycerz 4, Daniel Kvidahl 4 (1 på straffe), Matheus Diaz Boge 1, Jakob Hoff 1, Jonas Espeseth 1, Robert Herstad Sund 1.  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.