Uavgjort i slitekamp

Postet av Førde IL - Handball den 6. Mar 2024

H4 Dale-Førde 30-30 (12-13): Det vart akkurat så jamt og tøft som venta då Dale og Førde barka saman til toppoppgjer i 4. divisjon for menn i Fjalerhallen tysdag kveld. Dale hadde føringa i starten, men fekk aldri meir enn ei tomålsleiing, og mot slutten av omgangen var Førde mest effektive og gjekk til pause med leiing 13-12.

Dale prøvde seg med sju mot seks-spel, men lukkast ikkje veldig godt med det, det  resulterte i fleire mål for Førde i ope bur.

Andre omgang var like jamn som første. Førde hadde ei tomålsleiing i starten av omgangen, men Dale kom sterkt og leia 23-21 etter 14 minutt. Daniel Kvidahl gav oss håp om to poeng då han sette inn 30-29 med 45 sekund igjen av kampen, men Haldor Vårdal kvitterte for Dale 27 sekund seinare, og dermed vart det poengdeling.

- Det var heilt greitt, Dale fortente det eine poenget, seier Førde-lagleiar Leif Otto Olsen. - Det var ein typisk slitekamp, vi kom liksom aldri i gang med vårt spel. Vi spelte ganske bra i forsvar til tider, men rota bort ein del ballar, så uavgjort var heilt greitt.

Måla til Førde: Lars Engen Skadal 7, Jakub Rycerz 6, Daniel Kvidahl 6 (3 på straffe), Øyvind Fougli Vraalsen 3, Mathias Indrebø 3, Kristian Henden 2, Robert Herstad Sund 2, Bjørn Tore Siebke 1. Viktor Haugen var toppscorar for Dale med 7 mål.

Komande måndag er det bortekamp mot Florø. Blir det to poeng der, er det mykje som skal til for at andre lag skal passere Førde på tabellen. Dake er alt parkert på innbyrders oppgjer, medan Bjørnar 3 framleis har ein teoretisk sjanse til å vinne serien. Og nettopp Bjørnar 3 er motstandar i vår siste kamp for sesongen. No har vi 21 poeng på 12 kampar, Dale 17 på 12, medan Bjørnar 3 har 13 poeng på ni kampar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.