Nye poeng til herrelaget - no ventar Dale

Postet av Førde IL - Handball den 4. Mar 2024

H4 Førde-Bjørnar3 38-21 (17-12): Det vart ein klar og komfortabel siger då Bjørnar3 gjesta Førdehuset søndag. Mot normalen kom karane våre godt i gang og hadde ei leiing på sju mål  halvveges i første omgang. Så kom Bjørnar sterkare og reduserte til 14-11, før vi fekk litt sving på sakene igjen, slik at det stod 17-12 ved pause.

Andre omgang vart ein maktdemonstrasjon frå vår side. Då 20 minutt av omgangen var spelt hadde Bjørnar berre sett inn fem mål, vi hadde scora 14. Til slutt vart det 38-21.

Det høyrer med til historia at Bjørnar vann med to mål mot Dale laurdag. og nettopp Dale ventar oss i Fjalerhallen tysdag kveld. Om laget til Johnny Pedersen leverte svakt mot Bjørnar, er det liten tvil om at dei kjem til å mobilisere alt i slaget om Sunnfjord. Førde vann heimekampen med ti mål, men er budd på å måtte slite for poenga i Dale.

Ei intens veke blir avslutta med bortekamp mot Florø komande søndag, eit Florø-lag som har gjort store framsteg sidan dei vart utklassa 47-13 av Førde i oktober. Dei slo m.a. Kjøkkelvik, som vi tapte for. Så også der må det jobbast skikkeleg for å sikre dei poenga som skal til for å vinne serien. Akkurat no har vi 20 poeng på 11 kampar, Dale har 16 på 11 kampar, Bjørnar 3 har 13 på ni kampar. 

Etter kampen i Florø har Førde att berre ein kamp, borte mot Bjørnar 3 den 6. april.

NB! Det er no endeleg avgjort at damelaget får to poeng etter at Tertnes ikkje kom til kamp i Førde 17. februar. Dermed er vi på tredjeplass på 2. divisjonstabellen med 22 poeng.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.