To poeng med heim frå Østfold

Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2024

To tøffe bortekampar, tremålstap mot Fredrikstad 2 laurdag og femmålssiger mot Rygge søndag. Trenar Øyvind Indrebø er sjølvsagt mest nøgd med at vi tok begge poenga mot Rygge.

- Som forventa har det vore ei tøff helg i Østfold. Laurdagskampen mot Fredrikstad 2 var tett og jamn heile vegen. Vi spelar ein bra kamp framover, men slepp inn for mange mål i deira ankomst. Resultatet kunne bikka begge vegar.

- I dag møter vi eit tøft fysisk og godt Rygge. Og vi møter eit entuastisk lag, med veldig trøkk på tribuna. Vi spelar ein fantastisk kamp i forsvar, og i periodar smart framme. 

- Eg er veldig fornøyd med at vi i dag spelar to solide omgangar i same kamp. I tillegg gler det meg den moralen laget hadde i dag. No er det fire veker til neste kamp. Dei skal vi bruke godt for å ta nye steg.

Førde er no på tredjeplass på tabellen med 18 poeng, to meir enn Hokksund, som har to kampar mindre spelt.

Kampfakta: 

Fredrikstad 2-Førde 32-29 (15-15): Mål for Førde: Estelle Ahjquist Lundh 9 (2 på straffe), Kinga Lemiech 5, Vilje Sande-Neset 4, Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 2, Oda Vindheim 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Erichsen Myklebust 1, Bianca Bruenich 1.

Rygge-Førde 22-27 (10-13): Mål for Førde: Estelle Ahlquist Lundh 9 (3 på straffe), Kinga Lemiech 7, Marie Erichsen Myklebust 4, Oda Vindheim 3, Alexandra Afloarei 2, Amalie Haugsbø Ness 1, Vilje Sande-Neset 1.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.