Så kom første bortetapet

Postet av Førde IL - Handball den 10. Des 2023

D2: Bjørnar-Førde 24-20 (14-12): Det er første gongen Amalie Haugsbø Ness (biletet) er vår toppscorar i ein 2. divisjonskamp. Men det betyr sikkert ikkje så mykje, etter som det vart tap mot Bjørnar søndag. Dette er det første tapet på bortebane denne sesongen. Trenar Øyvind Indrebø sa etter sigeren over topplaget Gneist laurdag at det gjeld å nullstille seg til kvar kamp.

Førde-damene kom bra i gang mot Bjørnar og hadde ei tomålsleiing etter 14 minutt. Men då kom heimelaget sterkare, det var jamnt heilt til Bjørnar prikka inn to mål rett før pause og kunne starte andre omgang med 14-12.

Det var jamnt første delen av andre omgang også, men etter at Amalie hadde gitt oss 19-17 var det måltørke i meir enn 12 minutt for Førde.  Bjørnar sette inn fem mål denne perioden, slik at det stod 24-17 på måltavla med vel seks minutt igjen. Vi greidde å pynte litt på resultatet med tre mål mot slutten, slik at det til slutt vart 24-20, men poenga var ikkje innan rekkevidde.

Trenar Øyvind Indrebø kommenterer kampen slik:

- Det er krevjande med to tøffe kampar på ei helg. Prestasjonane i dag bar nok preg av at vi hadde ein fysisk krevjande kamp i går. Og når det buttar litt i mot i dag, har vi ikkje krefter fysisk og mentalt til å stå godt nok samla som lag.

Spelemessig møtte vi eit Bjørnar som spelte offensivt forsvar i 1. omgang, der vi av ein eller annan grunn ikkje får betalt for godt duellspel utanfor nimeteren, noko som burde resultert i meir bestrafning.

I 2. omgang spelar Bjørnar nedgruppert forsvar, men då klarar vi ikkje å få til det kollektive angrepsspelet som vi veit vi har inne. Summa summarum vinn eit godt Bjørnar-lag fortent. Vi reiser heim med to poeng etter ei tøff bortehelg, som kunne enda med alt frå 0 til 4 poeng. Erfaringa vår er at vi kan slå alle, men er ikkje vi skjerpa, kan vi tape mot alle.

Vi ligg framleis på fjerdeplass på tabellen med 14 poeng. Komande helg kjem Åsane til Førdehuset, eit godt lag som er på andreplass med 16 poeng.

Måla til Førde: Amalie Haugsbø Ness 4, Kinga Lemiech 3, Estelle Ahlquist Lundh 3 (2 på straffe), Annette Kaalstad 2, Tuva Tefre Kalstad 2, Vilje Sande-Neset 2, Alexandra Afloarei 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Myklebust 1.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.