Bortebragd mot Gneist

Postet av Førde IL - Handball den 10. Des 2023

D2: Gneist-Førde 32-33 (15-20): Gneist stod med ti strake topoengarar før Førde kom på besøk i Haukelandshallen laurdag. Men eit hardtkjempande og sterkt bortelag øydela den statistikken. 

Etter ein start der Gneist oppskriftsmessig tok leiinga, mellom anna etter tre mål frå eks Førde-spelar Emma Gloppestad, viste jentene våre kva som bur i dei. I ein fireminutts periode frå åtte spelte minutt sette Førde inn seks mål utan at Gneist reduserte, vi gjekk frå 5-5 til 5-11 på måltavla.

På det meste leia Førde med åtte mål. Gneist knappa litt innpå mot slutten av omgangen, slik at det stod 15-20 ved pause.

Etter pause var det eit skjerpa heimelag som etter kvart sytte for at det vart ein jamn kamp. Halvveges i omgangen stod det 25-25, og Gneist hadde leiinga ein gong, 28-27. Men våre jenter gav ikkje opp. Med eitt og eit halvt minutt igjen sette Estelle inn 31-32, før Gneist utlikna med eitt minutt igjen. Men evigunge Alex vart matchvinnar då ho kjempa inn 32-33 med eit halvt minutt igjen. Vi reid av det siste angrepet til Gneist, og dermed var det full jubel.

Trenar Øyvind Indrebø seier at dette var imponerande av laget.

- I møte med serieleiar og ubeseira Gneist, var vi sjølvsagt audmjuke, spente og skjerpa før kamp . Det vi presterer i første omgang er nok det beste vi har gjort så langt i sesongen. Kanskje, naturleg nok, jamnar det seg ut i andre omgang. Men vi i trenarteamet er særdeles fornøgde med den roa og lagmoralen vi har i avgjerande fasar, når kampen skal avgjerast. Ufatteleg kjekt med to poeng, men vi har likevel klare forbetringspunkt.

I ei avdeling der alle slår alle, gjeld det å nullstille seg til kvar kamp. Det gjeld også for oss i kamp mot Bjørnar søndag.

Den kampen går i Bjørnarhallen klokka 14, for dei som er i området og vil sjå jentene våre.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lundh 8 (6 på straffe), Vilje Sande-Neset 5, Annette Kaalstad 4, Alexandra Afloarei 4, Kinga Lemiech 4, Amalie Haugsbø Ness 3, Marie Myklebust 3, Berenice Olga Halvorsen 1, Tuva Tefre Kalstad 1.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.