Tremålstap i serieopninga

Postet av Førde IL - Handball den 16. Sep 2023

K4: Førde-Hokksund 26-29 (14-12): Tidvis glitrande målvaktspel av både Sandra Yndestad Engen (biletet) og Andrea Boge Solås hjelpte ikkje. I den andre enden sat ikkje avslutningane som dei skulle i andre omgang, og det enda med eit tremålstap i serieopninga.

Det var bortelaget som kom best i gang i Førdehuset, og etter ti minutt stod det 3-6 på måltavla. Derifrå og inn gjorde Førde ein god førsteomgang og kunne gå til pause med 14-12.

I andre omgang var vi ei stund oppe i tremålsleiing. Kinga Lemiech, som vart kåra til vår beste spelar, herja med forsvaret til Hokksund og sette inn to kjappe mål. 

Men så var det slutt på effektiviteten. Gode kontringssjansar vart sosa vekk, og skota våre gjekk alle andre stader enn i nettet.

Trenar Øyvind Indrebø seier han er godt nøgd med spelet, og at vi kjem til gode sjansar.

- Hadde vi sett berre halvparten av dei skota som gjekk utanfor, så hadde vi vunne. 

- Var spelarane stressa?

- Nei, eg trur ikkje det var årsaka til at det vart bomma så mykje. Men vi har litt å jobbe med når det gjeld avslutningane.

Om det vart bomma mykje i ope spel, så kan det noterast på plussida at vi har fått ein veldig sikker straffeskyttar. Estelle Ahlquist Lundh sette inn alle dei fire straffene vi fekk.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lund 7 (4 på straffe), Kina Lemiech 6, Martine Vindheim 5, Annette Kaalstad 3, Oda Vindheim 2, Tuva Tefre Kalstad 2 og Alexandra Afloarei 1.

Toppscorar for Hokksund var Ida Helene Dischler Hahn med seks mål, medan Linn Kristin Tandberg vart kåra til beste spelaren på bortelaget.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.