Annette gler seg til seriestart

Postet av Førde IL - Handball den 13. Sep 2023


Annette Kaalstad er bakspelar og kjem frå Gjerpen.

Laurdag førstkomande, 16. september klokka 18.30, startar seriealvoret, eller skal vi heller seie seriegleda. For 2. divisjonsspelarane gler seg stort til å vise kva dei står for, etter ein sommar med gode førebuingar og med ein spelarstall som er meir komplett enn på lenge.


Vi har fått inn forsterkingar på fleire plassar. Ei av dei nye er Annette Kaalstad, som kjem frå Gjerpen, der ho vart nummer to på scoringsstatistikken i si 2. divisjonsavdeling i fjor.

20-åringen frå Skien har tru på poeng mot Hokksund laurdag. Ho valde å gå til Førde fordi ho ynskjer seg ei ny utfordring.

- Eg hadde ein litt tøff sesong i Gjerpen i fjor. Eg følte at det var liten vilje der til å satse på oss yngre spelarane. Då Førde tok kontakt og sa dei ville satse på meg, slo eg til. 

Ein av grunnane til at Førde tok kontakt, var at Benedicte Frøyen Bergset kjende henne. Dei spelte i lag på Bamble då Benedicte gjekk på folkehøgskule i Grenland.

Annette har funne seg godt til rette i Sunnfjord, ho jobbar no i SFO, men skal snart ta til i Idrettsbarnehagen i Naustdal.

Men det er handball som er hovudprioritet. Ho er bakspelar, og håpet er at ho held fram som målgarantist, slik Emma Gloppestad var sist sesong.

- Det er skytinga som er styrken min, men eg er også glad i å spele fri andre.

Medan motstandaren laurdag er ukjend for dei fleste i Sunnfjord, har Annette god kjennskap til laget.

- Eg har spelt mot dei, og eg har god tru på at vi kan slå dei. 

Hokksund har alt spelt ein kamp, dei tapte med to mål heime mot HK Rygge.

Ny på laget er også svenske Estelle Ahlquist Lundh (biletet under). Også ho er bakspelar. Ho, Kinga Lemiech og Annette Kaalstad utgjer ein skotglad trio som vi håpar vil gi oss mange poeng denne sesongen.

I tillegg er vår eigen lynving, Martine Vindheim, tilbake i Førde-drakta, iallfall i haustsesongen. Berre det er grunn til å ta turen til Førdehuset laurdag kveld.

Este

Trenar Øyvind Indrebø har denne vurderinga av dei nye spelarane og korleis han ser på seriestarten: 




- Endeleg er det seriestart, og vi opnar mot Hokksund heime førstkommande laurdag kl 1830.

Ettersom vi i år er kome i ei ny avdeling, er Hokksund eit heilt nytt bekjentskap for oss. Så vi kjenner relativt lite til laget. Fokuset vårt er uansett å prestere best mogeleg – så får det bli som det blir.

Vi har gjort gode førebuingar til sesongen generelt, og Hokksund spesielt. Så får vi sjå om dette er godt nok.

I år har det vore  treningskampar og cupkampar mot Volda (1.div) og Ørsta (3. div). I tillegg har vi spelt to kampar mot Florø (4.div). Vi har også fått spele mot vårt eige herrelag. Desse kampane har på kvar sin måte vore viktige for oss, slik at vi står best mogeleg klar for årets serie

Når det gjeld laget, er stammen den same som førre sesong. Det betyr at vi startar årets sesong på eit høgare nivå enn i fjor. Nokre spelarar har rett nok forlate klubben, men vi har fått tilvekst i Annette Kaalstad frå Gjerpen og Estelle Lundh frå Sverige. I tillegg vil Martine Vindheim spele for oss. Ho har til dagleg ein flott utviklingsarena i Gneist i Bergen. Det er også gledeleg at våre 06-jenter har teke steget og er ein del av stallen (Tuva Tefre Kalstad, Marie Erichsen Myklebust, Ronja Holsen og Guro B. Gurvin).

I tillegg er Emma Kråkenes og Anne Jørgensen frå fjorårets K4  teke opp i troppen, slik at vi har ein fin bukett av spelarar.

Jentene og støtteapparatet gler oss til kommande lørdagskveld. Vi håpar vi ser deg der, og at vi med eit entusiastisk heimepublikum har den «åttande spelaren».

Martine Vindheim er tilbake i Førde-drakta.

 

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.