Ein kjekk leksjon i effektiv handball

Postet av Førde IL - Handball den 5. Sep 2023

Førde-Bergen Håndball 24-60 (10-30): Å sleppe inn 60 mål på 60 minutt kan vere deprimerande, men det var slett ingen sure miner å sjå etter cupkampen mellom 4. divisjonslaget til Førde og eliteserielaget Bergen Håndball. Laga samla seg til fellesfoto framfor eit imponerande stort handballpublikum.

- Forsvarsmessig vart vi avkledde, seier Lars Engen Skadal, som feira bursdagen sin med å spele mot fotrappe bergensarar. 

- Men det var moro, og det er flott at folk får sjå handball på eit slikt nivå.

Og at eit 4. divisjonslag greidde å score så mange som 24 mål mot eliteseriemotstand er verd å merke seg.

Det starta ikkje så verst for heimelaget. Etter ti minutt stod det 6-9 på måltavla, men etter kvart fekk vi ei oppvising i kjapt, presist og effektivt kontringsspel, og ikkje minst frispeling av kantspelarane. 47 av dei 60 måla til Bergen Håndball vart scora av to kantspelarar og ein strekspelar. Dei hadde svært få avslutningar frå backane, alt handla om å få spelt fri kantane. Og dei var effektive. Høgrekanten Øystein Mostad prikka inn 27 mål, Jon Obrestad Salte på den andre kanten hadde 12 og strekspelar Marcus Soltvedt ni mål.

Øystein Mostad, litt av eit vingtalent, fekk bestemannspremien av Guro Bruland Gurvin.

 

Men vi hadde ein på heimelaget som også visste korleis ballen skulle finne vegen til nettmaskane, Daniel Kvidahl dundra inn 10 mål, trass i at han ikkje spelte meir enn vel halve kampen. Førde let alle spelarane få bra med tid på bana for å få oppleve korleis det er å spele mot slik motstand. Kvidahl og Mostad vart kåra til dei beste spelarane på laga sine. 

Daniel Kvidahl scora ti mål og var best av våre.

 

Som nemnt hadde veldig mange funne vegen til Førdehuset denne septemberkvelden. Gratis inngang var sikkert medverkande. Førde IL Handball og herrelaget må ut med 6000 kroner til gode føremål, sidan dei før kampen lova 100 kroner for kvart mål dei sleppte inn. Også publikum vart oppmoda om å bidra. 50 % av overskotet på kampen skal gå til BUA, resten til aktivitesfremjande tiltak i Sunnfjord.

Trass stortapet er det å håpe at mange av dei som tok turen til Førdehuset for å sjå denne kampen, kjem tilbake når seriealvoret tek til for både dame- og herrelaget vårt. Første høvet blir seriestarten i 2. divisjon 16. september. Då møter damene våre Hokksund.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.