Topplaget Åsane vart for sterke

Postet av Førde IL - Handball den 14. Nov 2021

Martine Vindheim måtte spele sentralt mot Åsane fordi søstera Oda var skada.

 Som venta vart Åsane for sterke då Førde i dag spelte sin andre kamp denne helga i Bergen. Åsane tok sin sjuande strake siger og er utan poengtap i 2. divisjon. For Førde vart det det sjuande tapet på rad. Og det starta veldig dårleg. Kaptein Oda Vindheim spelte ikkje på grunn av ein skade i ryggen, og det bar spelet preg av.

Det kom seg litt då Martine Vindheim vart flytta frå kanten inn i midten. Men det vart gjort mange feil i angrep, og Førde vart hardt straffa for det med mange kontringsmål imot. Pauseresultatet var 19-10 til heimelaget.

- Men vi fekk trent på ein del og er ok nøgde med delar av kampen, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn. Anna Schrøder gjorde ein god kamp i mål og vart kåra til beste spelaren på Førde. 

Sidan Martine vart flytta inn i midten, fekk 16 år gamle Amalie Ness sjansen på vingen, og ho sette inn sine første mål i 2. divisjon. Ho vart nesten toppscorar for Førde med sine fire mål. Flest mål hadde Berenice Halvorsen med fem, fire av dei på straffekast. Benedicte Frøyen Bergset hadde tre, Veslemøy Risnes Kjønås tre, Ingrid Sofie Indrebø tre, Martine Vindheim to og Emma Gloppestad eitt mål.


Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline