Marit - frå benkeslitar til best på laget

Postet av Førde IL - Handball den 7. Okt 2021


Marit jublar for scoring - det skjer stadig oftare. Foto: Bjørn Erik Nesse.

Den tidlegare Førde-spelaren Marit Ova Bøyum har denne sesongen utvikla seg til å bli ein av dei mest sentrale spelarane på toppserielaget Fana i Bergen. Dei første par åra etter overgangen frå Førde var det mykje benkesliting. Ein skade gjorde også sitt til at det vart lite speletid. Men etter at ho trente seg opp att etter skaden har det meste gått vegen for Marit. Og ordtaket om at den eines død kan vere den andres brød kan kanskje brukast

- Ho som spelte mest på min plass (bakspelar) vart skadd, og det gjorde at eg etter kvart fekk meir speletid.  Eg fekk tillit frå trenaren, og det gjorde at eg tok steg for steg. Eg er avhengig av å ha det trygt rundt meg, og det har eg no i Fana. Det går framleis litt opp og ned, men eg er tryggare på det eg gjer, og eg håpar at eg no er meir etablert  på laget. Eg får iallfall mykje speletid.

Ho har alltid vore sterk i forsvar, no har ho utvikla det vidare. Foto: Bjørn Erik Nesse.

Marit har teikna seg på scoringslista i alle seriekampane til no denne sesongen, mot det elles så suverene topplaget Vipers sette ho inn tre mål då Fana spelte uavgjort. I den påfølgjande bortekampen mot Romerike vart det fem mål, og Marit vart kåra til den beste spelaren på Fana.

- Det var sjølvsagt kjekt å bli kåra til beste spelaren, men bortsett frå det var det ein kjip kamp, vi var slett ikkje nøgde med uavgjort mot det laget. Det kjendest som eit tap.

Marit starta handballkarrieren sin som 10-åring i Førde. På Vassenden der ho voks opp, var det ikkje handballtilbod på den tida. Som 16-åring vart ho teken opp i troppen til damelaget til Førde og utvikla seg etter kvart til ein god bakspelar.

- Eg trivdest godt i Førde, eg hadde mange fine folk rundt meg, utan dei ville eg ikkje ha kome dit eg er i dag. Det er mange eg kunne nemne, men Odd Erik (Gullaksen) var ein viktig person for meg. Det var ikkje lett å reise derifrå. Eg håpar det går godt med Førde i 2. divisjon.

Med auka sjølvtillit kjem måla frå distanse. Foto: Bjørn Erik Nesse.

Eit par av åra som Førde-spelar pendla ho til og frå Sogndal, der ho tok ein bachelor i kroppsøving og idrett. Saman med lagvenninna Martine Vindheim opplevde ho mellom anna tunnelbrannen i Fjærlandstunnelen på ein av turane mellom Førde og Sogndal.

- Då var det godt å vere to.

Etter å ha jobba i barnehage den første tida i Bergen, er Marit no student på Høgskulen på Vestlandet, ho studerer folkehelse. I tillegg til eigne treningar, er ho med og trenar yngre lag i Fana.

Neste kamp i serien er heime i Bergen mot Storhamar, eitt av topplaga. Fana er i skrivande stund på sjetteplass på tabellen med åtte poeng. Målet er topp fem.

 Tekst: Kjell Arvid Stølen.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline