Førde J12 på Fjordcup

Postet av Førde IL - Handball den 3. Jun 2024

Desse jentene avslutta sesongen som J12 med tur til Fjordcup i Sandefjord. Det var ein tur dei seint vil gløyme, ja, mest sannsynleg aldri.

17 jenter reiste frå Førde og skulle for første gang på cup, altså dei har vore med på Førde Cup, men aldri utpåturcup. 

Det var i haust denne turen blei planlagt, alle var einige om at jentene fortjente ein cup ved sesongslutt, og at vi måtte vekk frå dei lokale laga. 

Etter litt diskusjon stod det mellom Stavanger og Sandefjord, det vart Sandefjord. Ifølgje googlemaps, så venta ein sju timar og 27 minutt lang biltur.

Cup i Sandefjord var populært blant jentene, dei var i ekstase.

Fjordcup er ein stor cup i Sandefjord, og det var totalt 571 lag som deltok, det blei spelt 1311 kampar og blei scora totalt 14478 mål. Her bidrog jentene med 95 mål. Kampane var 1x20 minutt. Som J12-lag fekk vi ikkje delta i sluttspel, det er først når ein blir J13 at cup-spel startar.

Rett før avreise til Fjordcup samla alle foreldre seg til ei fjordcup-møte. Her vart det diskutert og planlagt korleis vi skulle bli lagt merke til i Sandefjord.

Ja, vi hadde som mål om at alle skulle vite kven Førde var. Men først kom spørsmålet, er det nokon som ikkje skal vere med til Sandefjord?

Det var heilt stille, alle såg rundt i rommet. Ok, då skal alle på tur! Det vil sei 17 familiar på tur + trenarane, 18 bilar som skulle til Sandefjord.

Så vart alle einige om at det vart gjort innkjøp av kvite t-skjorter der det stod Førde IL Handball på ryggen og Førde logo på framsida. Vi måtte ha fleire sauebjøller og fleire Førde-flagg.


Så kom helga, cuphelga

Nokre reiste torsdag og nokre fredag. Vi skulle ha ei felles samling fredag kveld der jentene skulle bu, Vesterøy skule, ca 10 minutt frå Sandefjord sentrum.

Underteikna fekk nyss i at det var ein instagram-konkurranse på fjordcup sin instagram-konto, og ba alle jenter og foreldre om å like fjordcup og skrive Førde J12 i kommentarfeltet.

Følg jentene på -TikTok

Premien var at Peppes Pizza skulle spandere pizza på heile laget. Så då var heile gruppa i gang.

Fredag ettermiddag kom melding, vi vant konkurransen. Vi var plukka ut blant 1118 kommentarar og fekk pizza til kvelds, gratis!

Det vart laga til langbord på skulen ute. Jentene og foreldra kosa seg med pizza, ein perfekt start på cuphelga.


Så var vi i gang

Vi deltok med to lag denne helga, og skulle spele totalt 10 kampar. Fire kampar laurdag og seks kampar søndag.

Kampane laurdag var mot Oppegård, Tistedalen blå, Kolbotn gul og Vestfossen 2. Desse kampane blei spelt i Bugårdshallen.

Første kampen var mot Oppegård, og det var ein spent og nervøs gjeng. Varmt i hallen. Litt småkvalme, vondt i magen... Vi kunne sjå det i starten at jentene ikkje var heilt påskrudd, men sakte men sikkert løsna det og dei leverte ein god kamp, og gjekk av bana med siger.

Så var det vårt andre lag som skulle spele mot Tistedalen, der var det ingen nerver og full fart frå start. Pangopning på cupen med to sigrar.

Så var det Kolbotn som stod for tur, her såg vi tidleg at det kom til å bli jamnt, og laga følgde kvarandre heilt til kampslutt, og det var Kolbotn som vann med eitt mål. Ein litt sur kamp for jentene som ikkje hadde marginane på si side, men det var ein vanvittig spennande kamp.

Siste kampen laurdagen var mot Vestfossen, då var det ein revansjelysten gjeng som skulle vise seg fram, og det var aldri noko tvil om korleis den kampen ville ende.

Laurdagen var unnagjort, jentene var fornøgd. Dei spelte god handball og fekk ein vanvittig støtte frå foreldregruppa som utvilsomt dominerte i Bugårdshallen!

Her kan du sjå foreldra i aksjon på tribuna.

Laurdagskvelden var det cupshow i Sandefjord sentrum, med kjende artistar. Her var alle på plass og hadde ein fin kveld i sola.


Travel og tøff søndag

Så stod søndagen for tur i Sandarhallen, seks kampar venta og vi hadde ingen anelse på kva nivå vi møtte. I tillegg skulle vi spele på kunstgras... (men det gjekk fint det også)

Vi skulle spele mot Lund 1, Lund 2, Herkules gul, Herkules grønn, Lillestrøm og Rygge.

Første kamp var mot Lund 1, og her var det eit godt lag som stod på andre banehalvdel. Vi sliter litt frå start, men gir aldri opp. Vi henger på og er med, dei spelar nok ein god kamp. Det er noko med desse jentene som aldri gir opp. Vi taper kampen med eitt mål. Spelarane, foreldra og trenarane er slitne etter kampen. For ein spennande kamp.

Andre kamp er mot Herkules gul, og som det var sagt etter kampen, det er det beste laget vi nokon gong har møtt. Vi holder følge halvvegs ut i kampen, men så får vi ein skade som prega laget litt, og raknar på slutten og taper med 7 mål.

Tredje kamp er mot Lillestrøm, og her var det veldig stor forskjell på laga. Vi vinner kampen med veldig god margin.

Fjerde kamp er mot Rygge. Her kan vi spole til garderoba etter kampen og sei det jentene sa: Det var dårleg, vår dårlegaste kamp. Berre rot. Dei skulle vi tatt. Vi tapte med tre mål.

Så var det to kampar att, Lund og Herkules. Vi visste kva vi møter, to gode lag. Jentene var begynt å bli slitne, hadde litt vondt her og der.

Først var det Herkules, eit lag vi sleit mot tidlegare på dagen. Ein skulle ikkje tru dei var så slitne, iallefall har dei skjulte krefter. Vi er med frå start, vi er med midtvegs og vi er med på slutten. Herkules leder med to mål rett før slutt og vi gambler litt og prøver oss med ekstra offensivt forsvar og får eit par i fleisen i staden. Vi taper 12-8. Men den innsatsen som blir lagt ned, er berre heilt rå!!

Eg spurte etter kampen om kva som var kjekkast: Å vinne mot Lillestrøm (vann med ein del mål) eller å tape med fire mål mot Herkules. Svar: Herkules-kampen. Dei var gode og vi spelte kjempebra!

Siste kampen søndagen var mot Lund, og nok ein gang vart det spenning heilt inn. Det var uavgjort heilt til siste angrepet til Lund, som dei scora på og vi tapte med eitt mål. Surt, men nok ein kamp der jentene gir alt heilt til kampslutt.

Ein sliten gjeng (inkludert foreldre og trenarar) etter siste kamp. 

Jentene var sletne, men glade. 
Foreldra sletne, men stolte. 
Trenarane sletne, men stolte.

Ei flott helg var over, no venta 7 timar og 27 minutt biltur heim, men med så mange positive opplevingar i bagasjen, gjekk bilturen heim ganske fort!

Kort oppsummert:

Det desse jentene leverer laurdag og søndag gjer oss trenarar utruleg stolte, vi vart litt rørt etter siste kampen og såg at dei var heilt tomme. At dei faktisk har gitt absolutt alt!

Det samme gjelder foreldrene som stiller opp alle sammen og støttar laget på og utanfor bana heile helga. Dei laga eit helsikes liv på tribuna som alle andre lag i cupen berre kan misunne.

Vi har denne sesongen hevda oss mot laga i Bergen og no laga på austlandet, det heilt vanvittig å sjå den innsatsen, viljen og prestasjonane som er i laget. 

Så må vi skryte mykje til oppdamene våre, Heidi og Annette, som legg til rette for at alt går på skinner denne helga. Stor applaus!!

No er vi ferdig som J12, neste år er det nye opplevingar som står for tur som J13.

Bob og Monica

Sliten gjeng etter ei helg i Sandefjord.

Heile gjengen.

Glimt frå Sandefjord:



Avslutta god sesong med to nye poeng

Postet av Førde IL - Handball den 21. Apr 2024

D2 Førde-Bjørnar 26-24 (16-7): Ein glimrande gjennomført førsteomgang gjorde at Førde-damene kunne dra i land endå ein siger i den aller siste kampen sesongen 2023/24. Godt tempo, god skyting og solid forsvarsspel gjorde at Bjørnar såg ut som eit svært dårleg lag.  I tillegg tok Andrea Boge Solås det aller meste som kom innanfor stengene. Ho vart kåra til vår beste spelar. Ved pause var vi ni mål føre bergensarane.

 Andre omgang starta også bra, men på stillinga 18-8 skjedde det noko. 

- Vi kom til gode sjansar, men vi skaut Bjørnar-målvakta god, sa trenar Øyvind Indrebø etter kampen.

Tempoet frå første omgang var borte vekk, det vart nølande og ukonsentrert, forsvarsspelet var ikkje lenger patent, og sakte, men sikkert vart avstanden på måltavla krympa. Og Bjørnar såg plutseleg ikkje så dårleg ut, spelarane fekk meir og meir sjølvtillit. Men det heldt til to poeng til slutt.

Øyvind var ikkje nøgd med at Bjørnar vann andre omgang med sju mål, men totalt sett var det bra, seier han.

Og fasit for sesongen vart altså ein tredjeplass med 30 poeng.

Måla til Førde: Annette Kaalstad 7 (3 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 5, Oda Vindheim 4, Berenice Halvorsen 3, Kinga Lemiech 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Alexandra Afloarei 1.



Øyvind: Imponerande sesong av jentene

Postet av Førde IL - Handball den 17. Apr 2024

Etter to klare topoengarar borte, 32-24 mot Hokksund og 37-26 mot Glassverket 2, er fasiten for sesongen klar: Det blir tredjeplass bak Gneist og Åsane. Rett nok står det att ein kamp, heime mot Bjørnar søndag, men ingen kan ta frå oss tredjeplassen.

Ein sesong som i haust såg ut til å bli vanskeleg, vart den beste på mange år. Det starta med at Benedicte Frøyen Bergset skadde kneet før seriestart og vart langtidsskadd. Så skjedde det same med Martine Vindheim tidleg i sesongen,og systera Oda  var sjuk i ein lang periode. Men resten av laget tok ansvar, her må vi nemne veteranen Alex spesielt. Ho har gjort ein god sesong som strekspelar og ikkje minst som forsvarsspelar og hærførar for resten av laget. Estelle Ahlquist Lundh var viktig for oss, det same har Annette Kaalstad og Kinga Lemiech vore. Og dei unge kantspelarane våre, Tuva, Amalie og Marie, har teke store steg i løpet av sesongen.

Trenar Øyvind Indrebø og hans team har også gjort ein god jobb med å utvikle laget. Han er naturleg nok godt nøgd med det som har skjedd når det no står att ein kamp:

- Då er vi klar for siste seriekamp, som blir førstkomande søndag mot Bjørnar. Vi tapte mot dei borte,  under eit døgn etter at vi hadde vunne knipe mot opprykksfavoritt Gneist. Bjørnar er eit godt lag, men vi kjenner på at det er tid for å prøve å revansjere dette tapet. 

Uavhengig av resultatet, er vi sikra tredjeplassen i avdelinga, noko som vi er særs fornøgde med. Det er fleire grunnar til at vi har gjort det så bra. Vi har i periodar spela god handball i alle spelets fasar. Dette er imponerande av jentene, teke skadesituasjonen i betraktning. Når sentrale jenter har vore ute, har andre stått fram og teke ansvar. Eit godt døme på det var sist helg mot Hokksund og Glassverket 2. Jentene synte ein solid lagmoral, noko som resulterte i periodevis god handball og derigjennom imponerande resultat. 

Førre sesong «stanga vi mot veggen» i store deler av sesongen, men jentene leverte ein fantastisk avslutning, noko som gjorde av vi klatra til ein 7. plass. I år har vi halde fram denne utviklinga, teke nye steg, og før siste seriekamp har vi teke 11 poeng meir enn i totalt i fjor. Søndag skal vi gjere alt det vi kan for at årets siste poeng vi skal kjempe om, blir igjen i Førde. Håpar vi ser deg i Førdehuset  kl 1400 søndag 😊



Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon

Postet av Førde IL - Handball den 4. Apr 2024

Gutar 8 vart den heldiga vinnaren av forundringspakken frå Bakar Jon på Byrkjelo. Handlaga solskinssbollar, pizzabollar og 8-tallsbollar fekk gutane til å gispe og blodsukkeret gjekk rett opp i øvre nivå 😃


Desse gutane fekk dermed ei perfekt oppladning til kampen mot Dale som kjeme til helga.


Alle lag gjorde ein flott innsats med dugnadssalet av havrekjeks frå Bakar Jon.


Takk til Ekstra kafeen som stilte lokalet til disposisjon for markeringa.


Stortap mot serieleiaren

Postet av Førde IL - Handball den 23. Mar 2024

D2: Førde-Gneist 17-38 (10-20): Det var Gneist som hadde presset på seg då dei gjesta Førdehuset laurdag. Åsane hadde vunne borte mot Fredrikstad 2, så alt anna enn to poeng mot Førde ville gi Åsane ein stor fordel i kampen om opprykk. Og det skulle vise seg at Gneist meistra presset. Dei scora på sine fem første angrep, medan vi berre kvitterte for to av dei. 

Emma Gloppestad var tilbake i Førdehuset, men kom aldri på bana. Ho slit med skade i ein tommel og var i tillegg småsjuk. Men lagvenninnene greidde seg godt utan henne. Ved pause stod det 10-20 på måltavla, og Førde sleit endå meir med å få mål i andre omgang. Sluttresultatet vart 17-38.

Veteranen Alexandra Afloarei (biletet) var eit lyspunkt for heimelaget, med stor innsats både i forsvar og angrep. Det resulterte i to utvisingar og fire mål, tre frå streken og eitt langskot. Alex har vore bakspelar og nølte ikkje mykje då ho fekk sjansen.

Trenar Øyvind Indrebø konstaterte  at dette vart ein heilt annan kamp enn då vi slo Gneist med eitt mål i Bergen.

- Vi møtte eit heiltent Gneist-lag. Dei spelte ein god kamp og gjorde det vanskeleg for oss. Vi har hatt ei ruskete veke med mykje sjukdom i laget. Dagen før kamp var vi i tvil om kva lag vi greidde å stille.

Måla til Førde: Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 4 (1 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 3, Oda Vindheim 2, Kinga Lemiech 2, Berenice Olga Halvorsen 1, Marie Erichsen Myklebust 1. 

Toppscorar og best på Gneist: Emma Louise Grasdal (9 mål).