Gøy å springe forbi gamlingane

Postet av Bernt Ove Berntsen den 1. Jun 2023

Førde Handball hadde med seks lag på årets Helse Førde-stafetten, totalt var det over 80 lag med. 

Vi hadde med to J12-lag, som var dei yngste i stafetten. Sjølv om dei var yngst, så var det ingenting å sei på innsatsen. Her hadde vi så jamngode lag at det vart ein intern spurtduell mellom J12-laga (nr. 61 og 63). 

Elles var det sagt frå jentene at det var gøy å springe forbi gamlingane.

Så hadde vi med to J/G16-lag der det gjekk litt raskare, det eine laget enda på 22. plass og det andre laget på 41. plass. Førde sitt K2-lag deltok også og dei kom litt bak J/G16-laga våre på 55. plass.

Til slutt hadde vi også med Førde Handball Senior, og det var desse det gjekk raskast med av våre lag, laget sprang inn på ein 16. plass. 

Resultata er henta frå lista der alle klassar er med.

Her er resultata frå Helse Førde-stafetten

Førde J12 sine to lag.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.