Dei slo til på bortebane!

Lagt ut av Førde IL - Handball den 24. Sep 2023

D2: Reistad-Førde 28-42 (14-23) og Follo-Førde 22-31 (12-12): På bortebane losna det skikkeleg for damene våre. I to kampar som begge var jamne i starten enda det med veldig klare sigrar. Laurdag gjekk turen til Lier for å møte Reistad, som hadde vunne to av tre kampar før vi kom på besøk. Heimelaget hengde med ei kort stund, men det enda til slutt med 14-målstriumf. 

Kinga Lemiech sette inn 9 mål, Estelle Lundh 8, Martine Vindheim 6, Tuva Tefre Kalstad 4, Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 3, Oda Vindheim 3, Amalie Ness 2, Vilde Sande-Neset 2, Marie Myklebust 1. 

Søndag gjekk turen vidare til Follo 2.

Det var lenge jamt, uavgjort 12-12  ved pause, 17-17 etter 12 minutt av andre omgang. Men derifrå og inn viste Førde-damene seg som det klart beste laget, til slutt vart det så klart som 9-målssiger.

Estelle Lundh vart toppscorar med 7 mål, Martine Vindheim hadde 5, Kinga Lemiech 5, Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 4, Amalie Ness 3. Marie Myklebust 1, Andrea Boge Solås 1 og Tuva Tefre Kalstad 1.

Neste seriekamp er i Førdehuset 7. oktober kl 14. Motstandar er Glassverket 2. Då vil jentene gjerne vise heimepublikum det same som gav fire viktige bortepoeng denne helga.




God start på 4. divisjon

Lagt ut av Førde IL - Handball den 17. Sep 2023

H4; Førde-Norrøna 29-19 (18-11): Herrelaget vårt starta 4. divisjon slik dei dreiv på i 5. divisjon i vår, det vil seie med klar siger. Men det såg ikkje slik ut i starten. Etter seks minutt stod det 1-5 på måltavla. Bergensarane såg ut som eit betre lag. Sakte, men sikkert kom det seg. Etter 14 minutt var vi a jour, og frå 12-11 stengde vi eige bur, slik at det stod 18-11 då dommarane bles til pause.

Andre omgang starta med fire mål til oss før Norrøna fann nettmaskane. På det meste var Førde oppe i 13-målsleiing. Det enda med ti mål i pluss. 

Lagleiar Leif Otto Olsen var bra nøgd med kampen. 

- Det var litt tungt i starten, vi brukar litt tid på å kome i gang i kampane, men siste delen av første omgang greidde ikkje Norrøna å henge med. 

Det høyrer med til historia at Norrøna slo Florø med fire mål i Florø laurdag.

Kristian Henden vart vår toppscorar med 8 mål. Daniel Kvidahl hadde 6 (1 på straffe), Lars Engen Skadal 5,Jakub Krzysztof Rycecz 4,  Matheus Diaz Boge 2, Ole Kristian Gjerstad 1, Mathias Indrebø 1, Kasper Eide 1, Thomas Hamre 1.

H5; Førde- Flaktveit 21-32 (11-17): Medan førstelaget tok to poeng i 4. divisjon, gjekk det ikkje like bra med andrelaget, som spelar i 5. divisjon. - Vi spelte ein OK førsteomgang, men med berre åtte spelarar vart det vanskeleg, seier lagleiar Leif Otto Olsen, som likevel er nøgd med laget sitt.




Tremålstap i serieopninga

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Sep 2023

K4: Førde-Hokksund 26-29 (14-12): Tidvis glitrande målvaktspel av både Sandra Yndestad Engen (biletet) og Andrea Boge Solås hjelpte ikkje. I den andre enden sat ikkje avslutningane som dei skulle i andre omgang, og det enda med eit tremålstap i serieopninga.

Det var bortelaget som kom best i gang i Førdehuset, og etter ti minutt stod det 3-6 på måltavla. Derifrå og inn gjorde Førde ein god førsteomgang og kunne gå til pause med 14-12.

I andre omgang var vi ei stund oppe i tremålsleiing. Kinga Lemiech, som vart kåra til vår beste spelar, herja med forsvaret til Hokksund og sette inn to kjappe mål. 

Men så var det slutt på effektiviteten. Gode kontringssjansar vart sosa vekk, og skota våre gjekk alle andre stader enn i nettet.

Trenar Øyvind Indrebø seier han er godt nøgd med spelet, og at vi kjem til gode sjansar.

- Hadde vi sett berre halvparten av dei skota som gjekk utanfor, så hadde vi vunne. 

- Var spelarane stressa?

- Nei, eg trur ikkje det var årsaka til at det vart bomma så mykje. Men vi har litt å jobbe med når det gjeld avslutningane.

Om det vart bomma mykje i ope spel, så kan det noterast på plussida at vi har fått ein veldig sikker straffeskyttar. Estelle Ahlquist Lundh sette inn alle dei fire straffene vi fekk.

Måla til Førde: Estelle Ahlquist Lund 7 (4 på straffe), Kina Lemiech 6, Martine Vindheim 5, Annette Kaalstad 3, Oda Vindheim 2, Tuva Tefre Kalstad 2 og Alexandra Afloarei 1.

Toppscorar for Hokksund var Ida Helene Dischler Hahn med seks mål, medan Linn Kristin Tandberg vart kåra til beste spelaren på bortelaget.




Annette gler seg til seriestart

Lagt ut av Førde IL - Handball den 13. Sep 2023


Annette Kaalstad er bakspelar og kjem frå Gjerpen.

Laurdag førstkomande, 16. september klokka 18.30, startar seriealvoret, eller skal vi heller seie seriegleda. For 2. divisjonsspelarane gler seg stort til å vise kva dei står for, etter ein sommar med gode førebuingar og med ein spelarstall som er meir komplett enn på lenge.


Vi har fått inn forsterkingar på fleire plassar. Ei av dei nye er Annette Kaalstad, som kjem frå Gjerpen, der ho vart nummer to på scoringsstatistikken i si 2. divisjonsavdeling i fjor.

20-åringen frå Skien har tru på poeng mot Hokksund laurdag. Ho valde å gå til Førde fordi ho ynskjer seg ei ny utfordring.

- Eg hadde ein litt tøff sesong i Gjerpen i fjor. Eg følte at det var liten vilje der til å satse på oss yngre spelarane. Då Førde tok kontakt og sa dei ville satse på meg, slo eg til. 

Ein av grunnane til at Førde tok kontakt, var at Benedicte Frøyen Bergset kjende henne. Dei spelte i lag på Bamble då Benedicte gjekk på folkehøgskule i Grenland.

Annette har funne seg godt til rette i Sunnfjord, ho jobbar no i SFO, men skal snart ta til i Idrettsbarnehagen i Naustdal.

Men det er handball som er hovudprioritet. Ho er bakspelar, og håpet er at ho held fram som målgarantist, slik Emma Gloppestad var sist sesong.

- Det er skytinga som er styrken min, men eg er også glad i å spele fri andre.

Medan motstandaren laurdag er ukjend for dei fleste i Sunnfjord, har Annette god kjennskap til laget.

- Eg har spelt mot dei, og eg har god tru på at vi kan slå dei. 

Hokksund har alt spelt ein kamp, dei tapte med to mål heime mot HK Rygge.

Ny på laget er også svenske Estelle Ahlquist Lundh (biletet under). Også ho er bakspelar. Ho, Kinga Lemiech og Annette Kaalstad utgjer ein skotglad trio som vi håpar vil gi oss mange poeng denne sesongen.

I tillegg er vår eigen lynving, Martine Vindheim, tilbake i Førde-drakta, iallfall i haustsesongen. Berre det er grunn til å ta turen til Førdehuset laurdag kveld.

Este

Trenar Øyvind Indrebø har denne vurderinga av dei nye spelarane og korleis han ser på seriestarten: 




- Endeleg er det seriestart, og vi opnar mot Hokksund heime førstkommande laurdag kl 1830.

Ettersom vi i år er kome i ei ny avdeling, er Hokksund eit heilt nytt bekjentskap for oss. Så vi kjenner relativt lite til laget. Fokuset vårt er uansett å prestere best mogeleg – så får det bli som det blir.

Vi har gjort gode førebuingar til sesongen generelt, og Hokksund spesielt. Så får vi sjå om dette er godt nok.

I år har det vore  treningskampar og cupkampar mot Volda (1.div) og Ørsta (3. div). I tillegg har vi spelt to kampar mot Florø (4.div). Vi har også fått spele mot vårt eige herrelag. Desse kampane har på kvar sin måte vore viktige for oss, slik at vi står best mogeleg klar for årets serie

Når det gjeld laget, er stammen den same som førre sesong. Det betyr at vi startar årets sesong på eit høgare nivå enn i fjor. Nokre spelarar har rett nok forlate klubben, men vi har fått tilvekst i Annette Kaalstad frå Gjerpen og Estelle Lundh frå Sverige. I tillegg vil Martine Vindheim spele for oss. Ho har til dagleg ein flott utviklingsarena i Gneist i Bergen. Det er også gledeleg at våre 06-jenter har teke steget og er ein del av stallen (Tuva Tefre Kalstad, Marie Erichsen Myklebust, Ronja Holsen og Guro B. Gurvin).

I tillegg er Emma Kråkenes og Anne Jørgensen frå fjorårets K4  teke opp i troppen, slik at vi har ein fin bukett av spelarar.

Jentene og støtteapparatet gler oss til kommande lørdagskveld. Vi håpar vi ser deg der, og at vi med eit entusiastisk heimepublikum har den «åttande spelaren».

Martine Vindheim er tilbake i Førde-drakta.

 

 

 




Tuva på regional landslagssamling

Lagt ut av Førde IL - Handball den 7. Sep 2023

Tuva Tefre Kalstad er teken ut til regional landslagssamling for spelarar fødde i 2006 og 2007. Samlinga skal vere i Åsane Arena i Bergen tysdag 19. september. 

Ei fin fjør i hatten for både Tuva og for Førde IL Handball. Lukke til, Tuva!




Ein kjekk leksjon i effektiv handball

Lagt ut av Førde IL - Handball den 5. Sep 2023

Førde-Bergen Håndball 24-60 (10-30): Å sleppe inn 60 mål på 60 minutt kan vere deprimerande, men det var slett ingen sure miner å sjå etter cupkampen mellom 4. divisjonslaget til Førde og eliteserielaget Bergen Håndball. Laga samla seg til fellesfoto framfor eit imponerande stort handballpublikum.

- Forsvarsmessig vart vi avkledde, seier Lars Engen Skadal, som feira bursdagen sin med å spele mot fotrappe bergensarar. 

- Men det var moro, og det er flott at folk får sjå handball på eit slikt nivå.

Og at eit 4. divisjonslag greidde å score så mange som 24 mål mot eliteseriemotstand er verd å merke seg.

Det starta ikkje så verst for heimelaget. Etter ti minutt stod det 6-9 på måltavla, men etter kvart fekk vi ei oppvising i kjapt, presist og effektivt kontringsspel, og ikkje minst frispeling av kantspelarane. 47 av dei 60 måla til Bergen Håndball vart scora av to kantspelarar og ein strekspelar. Dei hadde svært få avslutningar frå backane, alt handla om å få spelt fri kantane. Og dei var effektive. Høgrekanten Øystein Mostad prikka inn 27 mål, Jon Obrestad Salte på den andre kanten hadde 12 og strekspelar Marcus Soltvedt ni mål.

Øystein Mostad, litt av eit vingtalent, fekk bestemannspremien av Guro Bruland Gurvin.

 

Men vi hadde ein på heimelaget som også visste korleis ballen skulle finne vegen til nettmaskane, Daniel Kvidahl dundra inn 10 mål, trass i at han ikkje spelte meir enn vel halve kampen. Førde let alle spelarane få bra med tid på bana for å få oppleve korleis det er å spele mot slik motstand. Kvidahl og Mostad vart kåra til dei beste spelarane på laga sine. 

Daniel Kvidahl scora ti mål og var best av våre.

 

Som nemnt hadde veldig mange funne vegen til Førdehuset denne septemberkvelden. Gratis inngang var sikkert medverkande. Førde IL Handball og herrelaget må ut med 6000 kroner til gode føremål, sidan dei før kampen lova 100 kroner for kvart mål dei sleppte inn. Også publikum vart oppmoda om å bidra. 50 % av overskotet på kampen skal gå til BUA, resten til aktivitesfremjande tiltak i Sunnfjord.

Trass stortapet er det å håpe at mange av dei som tok turen til Førdehuset for å sjå denne kampen, kjem tilbake når seriealvoret tek til for både dame- og herrelaget vårt. Første høvet blir seriestarten i 2. divisjon 16. september. Då møter damene våre Hokksund.






Tap mot Volda, men vi gav dei kamp

Lagt ut av Førde IL - Handball den 3. Sep 2023

Førde-Volda 22-28 (11-12): Det vart seksmålstap i tredjerundekampen i cupen mot Volda, som spelte i eliteserien i fjor, men Førde-damene med vår beste, Oda Vindheim (biletet), i spissen, gav sunnmøringane kamp, iallfall i første omgang. Det stod 12-11 til Volda ved pause. Starten av andre omgang vart vanskelegare, dermed vart det til slutt 28-22 til Volda.

Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren etter kampen: 

- Det er alltid surt å tape handballkampar, det gjeld også i dag. Men dette var  nyttig kamptrening for oss inn mot seriestarten om 14 dagar. Vi kjenner det er godt for oss å gje Volda god kamp Dette er  truleg eit lag som vil bli i toppen av 1. divisjon.

Samtidig er det ikkje lenge sidan at vi var utfordra av eit lag i 3. div., så mykje handlar om spel-motspel, og vi må til ei kvar tid vere skjerpa.  Vi leverer ein svært god 1. omgang både i forsvar og i etablert angrep. Ein svak start på 2. omg gjer at Volda får det nødvendige roen i sitt spel. Likevel står vi opp i siste del av kampen.

Med tanke på fleire nye spelarar inn i troppen, har vi mykje å jobbe med. Men trenarteamet er godt fornøgd med der vi står pr tid. Så handlar det meste om kva vi gjer framover. Uansett, vi gler oss veldig til serieopning heime mot Hokksund laurdag 16. sept. kl 1830. Ingenting ville gle jentene meir enn at vi hadde fylt tribunane, slik at vi hadde hatt "den 8 spelaren" på bana. Vi sjåast.