Veldig kjekt på Stord Handballfestival

Lagt ut av Førde IL - Handball den 30. Mai 2023

J13 er nett komne heim frå ei pinsehelg på Stord Handballfestival. Og for ein festival det vart! Sju jenter drog avgårde og satsa på cuplivet utan innbytarar. Gjennom cupen fekk vi spele fire gruppespelkampar og ein sluttspelkamp. I gruppespelet enda vi på andre plass med to vinn, ein uavgjort og eitt tap, og dermed vidare i A-sluttpel. Kvartfinalen enda med tap, resultatmessig.

Som lag sit vi igjen med ein følelse av å ha vunne på veldig mange plan. Kampane og motstanden utvikla seg på forskjellige måtar. Jentene jobba seg gjennom kampane med ein stayervilje som kan blåse einkvar av banen. Kvar og ein tok ansvar, let bomskudd, utvisningar, røde kort, tap, og mål imot passere. Dette resulterte i mykje meistring og glede kor jentene jobba godt med det mentale fokuset og dermed henta fram det beste i seg sjølv undervegs i kampane. Skuffelsane vart difor ikkje like tunge å bere.

Vi fekk takknemlig hjelp frå J12 som ekstra tryggheit på benk dei to siste kampane. Jentene stod alle kampane fullt ut samla som lag. Ellers fekk vi vere saman med J12, sett nokre kampar saman, felles middag på kveld, disco, møte nye handballvener, danseshow, paradetog gjennom sentrum, sett innmarsj med medaljeutdeling og J13 finalen mellom Fyllingen og Åsane, kor Åsane inspirerte voldsomt. Handballfestivalen kan varmt anbefalast til andre Førde IL Handball-lag.

Tekst og foto: Anne Gry Dale Niemonen.




Nye lag i Førdehuset komande sesong

Lagt ut av Førde IL - Handball den 15. Mai 2023

Sesongen 2022/23 enda med jubel etter ei sterk avslutning og sikker plass på tabellen. No siktar vi oss inn på komande sesong, og med det kampoppsettet Norges Håndballforbund har presntert, så blir det ein spennande sesong, med mange for oss nye lag på plass i Førdehuset. 

For laga frå Rogaland er bytte ut med lag frå Region Øst og Region Sør. Her er laga i avdelinga til Førde: 

Hokksund
Glassverket 2
Reistad
HK Rygge
Fredrikstad Bkl 2
Follo HK Damer 2
Åsane
Gneist
Tertnes
BSI
Førde
Bjørnar

Med andre ord blir det nokre lange reiser med turen til Fredrikstad og Rygge som den desidert lengste. Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren til oppsettet:

- Dette betyr nye lag og nye utfordringar. Men utfordringar er til for å løysast, og vi ser positivt på endringa. Vi håpar og trur at vårt trufaste publikum set pris på å ta imot nuye motstandarar i Førdehuset.




Gå under fana til Førde IL 17. mai!

Lagt ut av Førde IL - Handball den 10. Mai 2023

Vi i Førde IL Handball ynskjer å markere oss i toget 17. mai, seier styreleiar Rune Øksenberg.

- Difor oppmodar vi alle medlemmer, utøvarar, foreldre, oppmenn, trenarar og øvrig støtteapparat om å gå i toget bak Førde Idrettslag si flotte fane. Dersom du ikkje er oppteken den dagen, så vil vi gjerne ha deg med slik at vi får vist oss fram frå vår beste side.

Gå gjerne i speledrakter eller andre kle som fortel at du er ein del av den fine handballfamilien i Førde!




Planlegging av ny sesong i gang!

Lagt ut av Førde IL - Handball den 3. Mai 2023

Ein nøgd Førde-trenar Øyvind Indrebø kan konstatere at laget presterte glimrande i vårsesongen og berga plassen i 2. divisjon med god margin. No er han og resten av klubben i full gang med å planlegge sesongen 2023/24.

I tillegg til å få fastlagd spelarstallen og støtteapparat kommande sesong, har det blitt jobba med å få på plass samarbeidsavtalar med andre klubbar som kan bidra til utviklingsarenaer for spelarar og trenarar i klubben.

Vi er difor svært fornøgde med å fått på plass to sentrale avtalar.

  1. Førde - Dale 
  • Kvinner Senior. Her er vi prestasjonsklubb og Dale partnerklubb
  • Dale - Førde Junior jenter (Lerøy og J17-20) Her er Dale prestasjonsklubb og vi partnerklubb. Denne avtalen betyr at våre unge jenter kan vere Førde-spelarar og samtidig delta på Lerøy og i J17-20-serien med Dale. Det er ein flott utviklingsarena.

Begge klubbane har eigne lag i kvinner 4. divisjon.

      2. Fana Handball Elite - Førde K2

Her er Fana prestasjonsklubb og vi partnerklubb.

Avtalen med Fana er også veldig spennande. Den betyr at ein kan vere Førde-spelar og både trene med og spele kampar for Fana som er eit eliteserielag, om ein held det nivået dei meiner ein skal ha.

Detaljane i avtalane er ikkje ferdig utarbeida. Men dette er viktige samarbeidsavtalar som gjer at vi kan legge til rette for utvikling av dei som vil og kan i klubben.

I tillegg opnar det seg mulegheit for at dei i Dale som ønskjer å ta nye steg i 2. divisjon, kan få mulegheiten til dette.




Avslutta med stil og timålssiger

Lagt ut av Førde IL - Handball den 1. Mai 2023

Førde-Tertnes 31-21 (18-9): Jentene våre let det ikkje vere tvil om kva lagh som skulle ta poenga då Tertnes gjesta Førdehuset i den aller siste seriekampen i 2. divisjon sesongen 2022/23. Etter ni minutt stod det 9-2 til oss. Den leiinga vart auka til 18-9 ved pause. Mot slutten av kampen var vi oppe i 14-måls leiing,det enda med ein solid siger 31-21.

Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren etter kampen: 

- Jentene avslutta årets sesong på ein best muleg måte. Etter å ha sikra plassen førre helg med vinnarskoring i siste sekund  mot Gneist, var vi i støtteapparatet litt spente på korleis dette ville slå ut på kampen mot Tertnes. Vi hadde stort fokus på å prestere, så fekk resultatet bli som det blir.

Det synte seg tidleg at det var liten grunn tl bekymring. Jentene ga gass ut frå startblokkene, og såg seg aldri tilbake. Det var ein solid 1. omgang der vi stod fram som eit LAG, og kampplanen vart gjennomført 100%.

2. omg vart nok litt urytmisk. Dette mellom anna på bakgrunna av at Tertnes prøvde fleire ulike forsvarsformasjonar, utan eigentleg å lukkast. Jentene heldt roen og vann også 2. omg.

Laget vil også takke eit fantastisk publikum som igjen bidrog til at jentene presterte.

Ein flott siste del av sesongen vart feira med grillfest saman med det nyopprykka herrelaget og vårt K4 lag.

No blir det ein velfortent «ferie» for jentene 😊

Med sigeren mot Tertnes  har Førde teke 12 poeng på dei siste sju kampane, vi enda på sjuendeplass med 17 poeng. Andrea Boge Solås vart kåra til vår beste spelar.

Måla til Førde: Kinga Lemiech 5, Emma Gloppestad 5, Oda Vindheim 5, Tuva Tefre Kalstad 5, Benedicte Frøyen Bergset 4, Amalie Ness 4, Vilja Sande Neset 2, Alexandra Afloarei 1.

Foto: Kjersti Erichsen.




G16: God innsats på Glasscup

Lagt ut av Førde IL - Handball den 1. Mai 2023

Søndags morgon var gutane klare for kvartfinale mot Konnerud IL. I denne kampen fekk gutane sjå kor høgt nivå enkelte G16-lag har andre stader i landet. Førde-gutane viste tidvis glitrande angrepsspel, men Konnerud var betre enn oss i alle delar av spelet, og dei rodde i land en solid 27-17 siger. Med dette rauk Førde ut av Glasscup 2023, og måtte vende snuten heim.

 Vi ynskjer å takke sponsorar og føresette for mogelegheiten til å få ei kjekk og sosial avslutning på sesongen, og ikkje minst takk til Høyang IL for låne vekk minibussen sin!


Tekst og foto: Kristian Henden.