Maria er med att - hjelper gamle lagvenninner

Postet av Førde IL - Handball den 19. Jan 2022

Maria Ullebust Oppedal. Foto Stig Roger Eide.

Den tidlegare kapteinen vår stiller opp og hjelper Førde i kampen for å sikre plassen i 2. divisjon. Maria Ullebust Oppedal flytta til Bergen i 2021. Der jobbar ho no på PPT. Ho har ikkje spelt handball, men ho har halde formen ved like, og no håpar ho å kunne bidra til at laget i hjarta hennar kan ta dei poenga som trengst.

- Eg vart kontakt av både sportsleg leiar Oddny Sønnesyn, trenar Øyvind Fougli Vraalsen og Odd Erik Gullaksen. Eg sa til dei at eg ikkje veit kor mykje eg kan bidra med, men eg er i fysisk god form, eg trenar på treningssenter, og eg spelar squash og paddle tennis.

Trenar med rival

No har ho fått innpass på treningane til eitt av dei laga Førde kjempar mot for å unngå nedrykk.

- Eg var på trening med Årstad i går, og det var veldig kjekt. Både trenaren og spelarane syntest det var heilt greitt, men dei fleipa med at dei ikkje kunne vise meg alle triksa dei har.

Førebels veit vi ikkje når det kan bli kamp igjen. Det er det styresmaktene som avgjer. Slik tabellen er no ligg Førde på nedrykksplass, men det er ikkje så mange poenga som skal til for å kome på trygg grunn.

- Det blir iallfall spennande, seier Maria, som gler seg til å aksle Førde-trøya igjen.

Martine Vindheim. Foto: Kjell Arvid Stølen.

 - Litt vanskeleg val

Det er også gledeleg at lynvingen Martine Vindheim har bestemt seg for å spele for Førde ut sesongen. Ho bur også i Bergen, der ho trenar med Gneist. Dermed hadde det vore freistande for ho å melde overgang dit, men ho vil også vere med på den dugnaden det er å sikre fornya kontrakt for Førde.

- Det var eit litt vanskeleg val, det hadde vore meir optimalt for meg å spele for eit lag her i Bergen, men eg har bestemt meg for å gjere mitt for at Førde skal greie seg, det er det som er håpet.

Ho håpar at Førde greier å stille med så sterkt lag som mogeleg iallfall i dei viktigaste kampane.

- Det blir dei kampane der det er mest realistisk å ta poeng, det vil seie mot dei laga vi var på høgde med i haustsesongen og som ligg nær oss på tabellen.

- Veldig kjekt

Det at Maria og Martine blir å finne i kvit drakt resten av sesongen gir resten av laget ein skikkeleg boost, seier kaptein Oda Vindheim.

Både eg og heile spelargruppa synest at det er veldig kjekt at dei blir med. Vi veit at mange av spelarane frå samarbeidsklubbane våre av ulike årsaker ikkje kan bidra like mykje no etter nyttår, så at Marie og Martine blir med ser eg utelukkande på som positivt. Dei har i tillegg god erfaring frå høgare nivå. Det gjer at dei veit kva som krevst, og dei kan sette ein standard som eg trur vil verke godt inn på dei andre spelarane.

- Ulempa er at dei ikkje kan trene med oss. Men dei trenar med lag i Bergen, og på bakgrunn av erfaringane dei har, er vi trygge på at dette skal gå fint. Det styrker iallfall håpet om at vi kan halde oss i 2. divisjon, seier Oda.

Kaptein Oda Vindheim. Foto: Kjell Arvid Stølen.

 Tekst: Kjell Arvid Stølen.



Dei yngste får spele - damene må vente

Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2022

Jenter 11 kan snart spele kam igjen, medan damene må vente.

 

Regjeringa har letta på koronarestriksjonane for idretten, og det gjer at dei  som spelar aldersbestemt handball kan kome i gang att med kampar. Men i seniorklassane er det berre 1. divisjon som har fått klarsignal. Det betyr at damelaga våre i 2. divisjon og 4. divisjon må vente på neste eventuelle endring i restriksjonane.

Dette er kjipt, seier sportsleg leiar i Førde IL Handball, Oddny Sønnesyn.

- Det pågår forhandlingar mellom NHF og helsestyresmaktene om at 2. divisjon kan kome i gang att, så førebels ventar eg og ser kva det fører til. Men det er kjipt og etter mi meining feil på noverande tidspunkt å ikkje la vaksne trene som normalt. Men må vi vente, så må vi det.

Når dei eventuelt får klarsignal, må det trenast i to veker før dei spelar kamp igjen.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og trenar Øyvind Fougli Vraalsen får ikkje sjå laget i kamp på ei stund.

 

Det uroar handballpresident Kåre Geir Lio at det berre er dei to øvste divisjonane på seniornivå som har grønt lys.

At ein stor del av laga på seniornivå framleis må vente på å trene som normalt og spele kampar, bekymrar oss. Denne gruppa har vore veldig skadelidande gjennom heile pandemien. Til sjuande og sist handlar dette om folkehelsa, både den fysiske og mentale. Det skuffar meg at politikarane ikkje prioriterer langsiktig tenking, sier Lio til Handball.no.

Alt i morgon kan Førde sine G14 og G16 spele seriekampar, begge borte mot Gloppen. Søndag 16.1. skal G10 spele mot Florø og Florø3 i Førdehuset og G16 borte mot Gloppen 2. 

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Kjerstin er i gang att

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2022

Kjerstin Boge Solås er omsider klar for seriespel for Byåsen, etter ein marerittaktig serie av skadar. Jenta frå Dale, som nett fylte 24 år, har vore innpå i tre seriekampar til no. Det har resultert i to mål (og ein tominuttar), og det beskjedne talet på scoringar fortel mellom anna at ho blir matcha svært varsamt enno.

- Eg har eit maks tal minutt eg får lov å spele i løpet av kampen. Det er litt rart og framleis mykje nerver, men det kjennest bra ut. Eg får gode tilbakemeldingar frå trenaren, men det er alltid ting og detaljar å jobbe med.

- Blir det mest forsvarsspel på deg?

- Nei, eg spelar like mykje begge vegar, slik det er no.

Det har gått fem år sidan ho som tidenes yngste debutant på kvinnelandslaget var med på å ta gull i EM i Sverige. Då var ho enno ikkje fylt 19 år. Ho spelte jentehandball i handball i Dale, før ho fekk prøve seg på eit høgare nivå i Førde. Deretter gjekk turen til Bergen og Tertnes, før ho prøvde seg som utanlandsproff i Ungarn. Det var der skademarerittet starta, og Kjerstin vende nasen heimatt til Norge. 

Byåsen vart den neste klubben, men alt i oktober 2020 var det klart for ny skade og eit halvt år med opptrening. No, godt og vel eitt år seinare, håpar ho at knea held, slik at ho igjen kan spele ein sentral rolle i norsk handball.

Då Byåsen slo Follo 30-27 søndag var ho ei av dei trenaren sende på bana frå starten av andre omgang. Då snudde trønderane 11-13 til 16-16 på få minutt, og det enda med to poeng.

Tekst; Kjell Arvid Stølen. Foto: Lars Skaug.



Vi planlegg framtida

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2022

Styreleiar Geir Eikås leia møtet.

Måndag 10. januar var styret i Førde IL Handball, sportsleg utval og nokre av trenarane samla på Sunnfjord Hotell for å diskutere framtida. Trass usikre tider med pandemi og stans i kampaktiviteten må det leggast planar. Møtet var ein første start på ein prosess der vi skal stake ut kursen framover.
Det vart konstatert at vi har god rekruttering i dei aller yngste årsklassane, både blant gutar og jenter. Utfordringa er å minske fråfallet når spelarane blir eldre. Her handlar det om å gjere det så attraktivt og kjekt å drive med handball at fleire vel med å bli med heilt opp på seniornivå. Eitt verkemiddel er betre samarbeid med andre idrettsgreiner, slik at dei som driv i fleire greiner ikkje blir pressa til å velje bort den andre i for tidleg alder.
Det var semje om å gjere det vi kan for at damelaget skal halde seg i 2. divisjon. Det kom mange gode innspel på møtet. Planen skal no opp på styremøtet i februar.