ELVETORGET CUP 2019
FØRDE IL - HANDBALL
Førdehuset, 30.august - 1.september 2019
Førde IL – Handball inviterer til Elvetorget Cup, ei turnering open for alle lag tilslutta Noregs Handballforbund, og etter NHF`s reglement.
Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – vert laga tilbode om å delta i klassen over)
Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde den 30.august - 1.september 2019.
Kampane vert avvikla i Førdehuset, og overnatting vert på skular like ved hallen. Dersom stor pågang er det aktuelt at nokre innleiande kampar laurdag vert avvikla i Naustdal (då senior/evnt 16 års kampar)
I tillegg til dei sportslege aktivitetane, vil sosiale aktivitetar for store og små gjere dette til ei minnerik helg i Førde. For dei som treng ekstra utfordring, vert også Førde Opp arrangert denne helga: http://fordeopp.no
Klasseinndeling:
J10 - 2009 og yngre | G10 - 2009 og yngre |
J11 - 2008 og yngre | G11 - 2008 og yngre |
J12 - 2007 og yngre | G12 - 2007 og yngre |
J13 - 2006 og yngre | G13 - 2006 og yngre |
J14 - 2005 og yngre | G14 - 2005 og yngre |
J15 - 2004 og yngre | G15 - 2004 og yngre |
J16 - 2003 og yngre | G16 - 2003 og yngre |
Kvinner Senior 3. divisjon og lågare | Menn senior 3. divisjon og lågare |
Spelesystem: Innleiande kampar vert spelt i puljar på fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.
Alle lag er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 12 og eldre går til sluttspel og finalespel.
Planlagt speletid pr. kamp: t.o.m. 11 år 1x 15 min, øvrige 1x 20 min
Premiering: Alle spelarar i J/G 11 og yngre får individuell medalje.
Pokaler (1, 2 og 3 plass) for dei øvrige klassane .
Påmelding:
All påmelding skjer HER
Siste frist for påmelding/turneringsavgift er 01.Juli 2019.
Eventuelle spørsmål knytt til kampoppsett: dagfinn.vik@enivest.net
Vi tek atterhald om at turneringa kan bli fullteikna, så ver rask og meld deg på. Godkjend påmelding når turneringsavgifta er betalt.
Turneringsavgift (påmeldingsavgift):
- Kr 1.300,- pr lag
Deltakarkort: (1 leiar gratis pr. lag)
A-kort: Kr 300,- (inkl. diskotek laurdag kveld og øvrige aktivitetstilbod (alle må ha minimum A-kort)
B-kort: Kr 900,- som A-kort – med tillegg av 2 overnattingar på skule, samt frukost og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag.Evnt.: Kr 75,- i tillegg for kveldsmat fredag (må forhåndsbestillast).
1.aug. er frist for å bestille/betale Deltakarkort/Tjenester, samt registrere spelartal og lagleiarar seinast 20. aug.
Alle påmelding og innbetalingar skal utførast i Profixio (sjå lenkje lenger oppe under påmelding).
Alle spelarar som deltek på cupen får kvar si t-skjorte, oppgje størrelse per spelar ved registring av namn på spelarar i Profixio.
Overnatting: Det vert overnatting på skular i nærleiken av Førdehuset. Lag som overnattar er sjølve ansvarlege for å klargjere klasseromma til overnatting, samt rydde klasseromma tilbake før avreise. På skulane vert det kontinuerlig vakthald.
Vi ynskjer at alle spørsmål kring cupen vert stilt på facebook: her
Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon undervegs.