BLI KJENT MED…

Lagt ut av Førde IL - Handball den 30. Sep 2019


  • Camilla Leikvoll
  • Fødd: 13.05.98. Frå: Fana, Bergen. Tidlegare klubbar: Kringlebotn, Bjarg, Fana, TIF Viking.
    Bustad: Førde. Jobb: Studerer ved Ingeniørskulen HVL.

- Eg har ikkje angra eit einaste sekund på at eg valde å flytte til Førde og spele 1. divisjon her, smiler Camilla Leikvoll.


Bergensjenta spelte i fjor for TIF Viking, og etter mange år for forskjellige klubbar i bergensområdet, var steget stort då ho valde å flytte til Førde.

- Eg var sjølvsagt litt usikker i starten. Men då Viking rykka ned til 2. divisjon i vår, tenkte eg at tida var moden for ei endring. Eg kjende nokre av spelarane på Førde frå tidlegare sesongar, og visste også at dei hadde eit veldig godt og aktivt støtte-apparat. Noko som har vore viktig for meg i den fasen eg har vore inne i, seier kantspelaren som i løpet av det siste året har drive opptrening etter korsband-operasjon.

 

Tilbake for fullt

- Eg øydela korsbandet mitt i mai 2018, og den første kne-operasjonen hadde eg i juli same året. Eg måtte også ha eit nytt inngrep noko seinare. Men no er eg tilbake så godt som for fullt. Eg har trent alternativt i lang tid, og no spelar eg omtrent 10 minutt i kvar omgang. Og eg merkar det går betre og betre. Så eg reknar med å prestere betre for kvar kamp utover, seier Leikvoll og ser optimitisk på opphaldet i Førde.

- Det er ein utruleg flott gjeng dette, og eg har det veldig godt her. Humøret både på treningane og utanfor er topp. No handlar det berre om at poenga skal komme etter kvart. Eg merka vi fekk ein boost då vi slo Skrim Kongsberg på heimebane sist. Så det betyr berre at vi går to nye poeng når Grane frå Arendal er motstandar i Førdehuset komande søndag, seier Leikvoll.

På kamp

Ho håpar derfor at publikum skal komme og støtte jentene i deira andre heimekamp i år.

- Eg veit at vi presterer betre når stemninga i Førdehuset er god. Vi såg det mot Skrim Kongsberg, og håpar på ein reprise kommande søndag. Så ta turen til Førdehuset DU også, er rådet frå Førde sin nye kantspelar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



BLI KJENT MED…

Lagt ut av Førde IL - Handball den 25. Sep 2019


  • Amanda Holmen Eriksen
  • Fødd: 01.04.01. Frå: Flora. Bustad: Florø. Jobb: Deltid Spenst Florø, siste året på Florø vgs

I nesten eitt år køyrde mammaen og pappaen til Amanda Holmen Eriksen dottera tur/retur Florø-Førde inntil fem dagar i veka, for at jentungen skulle få realisere draumane sine i handball.

- Dei har vore fantastiske og delt på dette ansvaret. Men no har eg fått lappen sjølv, slik at dei treng ikkje lenger vere sjåførar for meg. Men når det er kamp, så høyrer du iallfall pappa på tribunen. Han elskar å lage støy med tromma si, ler den fotrappe bakspelaren hjerteleg.

 

Godt humør

For at Amanda har tempo i kroppen har dei fleste oppdaga for lengst. Ho er dessutan uredd og akrobatisk i si framtoning på bana, og har ikkje minst eit sprudlande humør.

- Det skuldast sikkert at et eg trivst svært godt her i Førde. Vi har ein utruleg bra spelartropp som alle er opptekne av at vi alle skal utvikle oss. Dessutan er støtte-apparatet rundt laget svært bra. Så dette er ein uvanleg god plass å utvikle seg på, seier 18-åringen som kom rett i troppen til 1.divisjonslaget då ho kom til Førde midt i sesongen i fjhor.

- Det å bli inkludert i troppen med ein gang var utruleg kjekt. Det er klart at då lærer ein mykje på kort tid. Og eg merkar sjølv at eg har teke steg sidan eg kom til Førde. Noko eg håpar skal skje vidare og, seier Amanda som ikkje er framand for å ta nok eit år i Førde.

 

Kan bli i Førde

- Eg har ikkje bestemt meg enda når det gjeld neste sommar. Skal eg studere så har eg lyst til anten Bergen eller Kristiansand. Men samstundes trivst eg så godt her, og viss utsiktene for å utvikle seg er like bra etter sesongen som no, så kan det godt hende at eg tek eit år til i Førde, seier Amanda føre bortekampen mot Haslum i kveld.

- Eg kjenner berre til at Haslum rykka opp frå 2. divisjon, og trenaren vår, Hilmar Gudlaugsson, seier at det skal vere mogleg å slå dei. Faktisk seier han at vi kan slå alle berre vi yter 100 prosent av det vi er i stand til. Og helst gjer det på samme tid, ler Amanda etter treningsøkta i Førdehuset måndag kveld.

 

Klar for kamp

- Eg håpar sjølvsagt på speletid i kveld også, og skal gjere mitt beste. Då spelar det liten rolle om det blir bakspelar på venstresida eller i midten. Og skulle trenaren finne på å plassere meg på ein kant, så tek eg den utfordringa også. Eg er jo villeg til å utvikle meg meir, ler Amanda Holmen Eriksen og leiter etter bilnøklane.

- Tenk, no slepp mamma og pappa køyre fram og tilbake. No kan eg ta ansvaret sjølv, seier Amanda.



BIRTA KNUSTE TIL DÅ FØRDE VANN THRILLER

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Sep 2019

Førde sin nye bakspelar, Birta Gretarsdottir, scora heile ti mål då Førde slo Skrim 25-24 søndag kveld.

Fjorårets eliteserielag, Skrim Kongsberg, såg lenge ut til å sikre seg begge poenga i Førdehuset søndag kveld, og var i føringa eit godt stykke ut i 2. omgang. Bortelaget leia 13-11 ved pause, men når først Førde-maskineriet kom i siget, så overtok heimelaget føre eit entusiastisk heimepublikum.

Sakte, men sikkert overtok Førde leiinga i kampen, og i sluttminutta utspant det seg ein thriller utan like. Men mannskapet til Hilmar Gudlaugsson heldt nervane under kontroll på tampen av oppgjeret, og kunne juble hemningslaust over at dei første poenga kom allereie i den andre kampen i årets 1. divsjon.

Førde sin beste spelar i oppgjeret var målvakta Ida Drønen, og ho fekk tildelt bestemannspremien etter kampen.

Toppscorar for Førde i dette oppgjeret var Birta Gretarsdottir med heile ti mål. Neste kamp for Førde er bortekamp mot Haslum onsdag 25. september.



BLI KJENT MED….

Lagt ut av Førde IL - Handball den 13. Sep 2019



  • Benedicte Frøyen Bergset

  • Fødd: 29.06.1999. Frå: Høyanger. Bustad: Førde. Jobb: Lærling Flatene skule.



Når Førde søndag kveld møter fjorårets toppserielag Skrim Kongsberg, så vil DU garantert oppdage Benedicte på bana. Ho er eit fyrverkeri av ein spelar, og er som strekspelar kanskje den på laget som får mest juling gjennom ein kamp. Men samstundes er ho også den som gir mest juling tilbake.- He, he. Det kan vere tøft å vere strekspelar, ja. Men eg elskar desse tette og tøffe duellane, seier Benedicte, som i det sivile er heller roleg av seg. Noko som trengst då ho er lærling i 1. klasse på Flatene skule.


I arv

- Når det er kamp, så skrur eg meg på. Det er sikkert noko eg har arva frå begge foreldra mine, smiler Benedicte. Og tenker på at pappa Svein Inge, er «Mr.Høyang» i fotballen i Høyanger med mange hundre A-lagskampar, og at mamma Malin har utmerkt seg med mange løp på halvmaraton og maraton, så har ho truleg arva idrettsgener.

- Eg har nok fått noko frå dei, ja. Så det er kanskje ikkje så rart at eg lengtar etter å ta meg ein tur til Høyanger så ofte som mogleg. For å vere saman med mamma og pappa, besta og besten. Men når det er sagt, så trivst eg veldig godt her i Førde også, seier lagets strekspelar som no ser ut til å ha spelt seg til ein fast plass på laget.

- Eg har gått gradene i laget. Dei første åra eg var her og gjekk på Øyrane vgs, så var det lite speletid på A-laget. Men i fjor fekk eg mange kampar, og no håpar eg sjølvsagt å ha styrka kandidaturet mitt hos trenar Hilmar Gudlaugsson, seier Benedicte.

Kom på kamp

Søndag klokka 18.15 kjem Skrim Kongsberg til Førdehuset for årets første heimekamp, og jentene på Førde håpar at DU kjem på kamp og støttar dei.

- Det betyr mykje for oss som spelarar at vi opplever å ha god støtte på tribunene, seier strekspelar Benedicte og gjer seg klar for å vise jentene frå sølvgruvebyen Kongsberg at det finst musklar i Førde også.



Tekst og foto: Stig Roger Eide



SÅ NÆR, SÅ NÆR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 8. Sep 2019

Førde tapte opningskampen mot Fjellhamar med eitt mål søndag kveld. Lara Zidek (bilde) vart toppscorar for Førde med fem mål.

Førde var så nære sigeren som det var mogleg å komme i oppgjeret i Lørenskoghallen søndag kveld. Etter at heimelaget tok kommandoen i opningsminutta, kom Førde sterkt og var i føringa midtveges i 1. omgang. Men derifrå og ut var det heimelaget som styrte oppgjeret.

Men det ferske Førde-laget kom nærare og nærare utover i 2. omgang. Ved pause leia heimelaget 17-14, men Førde kom ajour på stillinga 24-24. Heimelaget gjekk i leiinga igjen, men Førde nekta å gje seg i sluttminutta.

Men på stillinga 27-27 fekk Førde-mannskapet to tekniske feil som vart utslagsgjevande. Heimelaget scora eitt mål til, og dette makta ikkje mannskapet til Hilmar Gudlaugsson å hente igjen. Dermed vart det 28-27 til Fjellhamar i noko som likevel var ein sterk bortekamp av Førde. Ikkje minst sett i det lys av at heimelaget har signalisert at dei har ambisjonar om å vere i toppen i årets 1. divisjon.

Førde sin nye spelar Lara Zidek vart toppscorar for bortelaget, medan kvartetten Elisabeth Lund, Amanda Holmen Eriksen, Benedicte Frøyen Bergset og Birta Gretarsdottir alle scora fire mål kvar.

Neste kamp for Førde-jentene er allereie førstkommande søndag. Då ventar fjorårets eliteserielag Skrim Kongsberg til årets første heimekamp i Førdehuset.

Kom på kamp og støtt jentene!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide



PÅ SØNDAG ER DET ALVOR

Lagt ut av Førde IL - Handball den 5. Sep 2019

Dette er spelarane som deltok på fotograferinga denne veka: Bak frå venstre: Hilmar Gudlaugsson, Benedicte Frøyen Bergset, Ivana Raickovic, Birta Gretarsdottir, Maria Oppedal, Elisabeth Lund, Lara Zidek og Oddny Sønnesyn. Sitjande frå venstre: Camilla Leikvoll, Amanda Holmen Eriksen, Ida Drønen, Oda Vindheim og Martine Vindheim.


«Nye» Førde spelar sin første 1.divisjonskamp på bortebane søndag. – Vi går offensivt ut, seier Oddny Sønnesyn.

Førde il Handball sin sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og trenar Hilmar Gudlaugsson mønstrar endeleg fullt mannskap når serien startar opp i 1.divisjon til helga.

- Ja, etter at vi tapte cupkampen mot Åsane for 14 dagar sidan, så har det gått betre og betre. Vi spelte ein treningskamp mot divisjonskollega Volda i Innvik på måndag, og då tapte vi 30-33. Då var det mykje positivt i mannskapet, seier Oddny Sønnesyn og ser at dei nye spelarane glir betre og betre inn i troppen.

Treng tid

- Ja, det er klart at med fem nye spelarar, så treng vi litt tid. Men allereie no ser det mykje betre ut, seier Oddny Sønnesyn om dei fem nye spelarane Brita Gretarsdottir, Lara Zidek, Ida Drønen, Camilla Leikvoll og Ivana Raickovic.

- Vi møter Fjellhammer på søndag, og veit at dei spelar ein offensiv og fartsfylt handball. Så vi må sette forsvaret frå første minutt, og satse på at vi har nok offensiv styrke til å avgjere kampen til vår fordel. For Fjellhammer har som Førde skifta ut mange spelarar i troppen til denne sesongen, seier Oddny Sønnesyn og ser at også Andrea Boge Solås og Regine Boge Skadal er klar for kampen på søndag.

Følg kampen

- No er alle spelarane på plass, og det skal bli kjekt å sjå den første kampen om seriepoeng, seier klubbens sportslege leiar.

Kampstart i Lørenskoghallen er 18.15 på søndag.

Tekst og foto: Stig Roger Eide