Så var det kneet til Oda som rauk

Lagt ut av Førde IL - Handball den 20. Feb 2019

1.divisjonslaget til Førde har opplevd eit skademareritt denne sesongen, og onsdag kveld var det
kneet til Oda Vindheim som rauk.


-Legen som var i hallen trudde det kunne vere at korsbandet var skadd. Men han utelukka heller ikkje
meinisken. Men no tek vi ingen sjanser, og Oda blir igjen i Bergen for å ta MR-undersøking torsdag.Først da kan vi med sikkerheit seie noko om kor lenge ho vert ute. Men uansett er dette trist, bådefor spelaren sjølv og for laget. Og no har vi hatt nok skader, seier Odd Erik Gullaksen.

Førde il Handball sin sportslege leiar var sjølv til stades i Sandslihallen under 1. divisjonskampen
mellom Gneist og Førde onsdag kveld, som bergensklubben vann 26-23.
-Oda får vridning på kneet då ho går i ein duell med ein Gneist-spelar, og blir liggjande på golvet med
store smerter. Slikt er forferdeleg å oppleve, seier Gullaksen og ser at sidan sesongen starta opp, så
har spelarane Emilie Myklebust Sande, Maria Ullebust Oppedal, Marit Ova Bøyum, Martine
Gjøranson og no Oda Vindheim alle fått skader som gjer at dei er ute av store deler av sesongen.
-Vi har fem kampar igjen av sesongen, og fryktar sjølvsagt at sesongen kan ryke for Oda. Men vi
håpar sjølvsagt at det ikkje er tilfelle. Og det er sjølvsagt ekstra ergerleg når ho er i så god form, og
også var utteken som reserve i troppen til det norske juniorlandslaget. Men vi håpar i det lengste at
det ikkje er så alvorleg som vi fryktar, seier Gullaksen.

Med tapet mot Gneist er Førde framleis over nedrykksstreken, men dei to bergensklubbane Gneist
og Viking ligg no berre fire poeng bak Førde når det er fem kampar igjen.
-Vi skal ha Viking, Stabæk og Fjellhammer på heimebane, medan vi møter Charlottenlund og Aker på
bortebane. Og eg håpar at ein siger til oss skal vere nok til å stå i divisjonen. Og med alle skadene vi
har, så betyr det at dei unge spelarane som kjem opp må ta ansvar no på tampen av sesongen, seier
Gullaksen.
Neste kamp er heimekamp mot akkurat Viking. Den vert spelt i Førdehuset 6. mars.



FRÅ KAMPEN I FØRDE TIL LANDSLAGSSAMLING

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Feb 2019


Søndag kveld spelar Kjerstin Boge Solås seriekamp for bergensklubben Tertnes i Førdehuset, og berrenokre dagar etterpå skal ho vise seg fram for landslagssjef Thorir Hergeirsson på samling iKristiansand.


-Eg stressar ikkje det med A-landslaget enda. No har eg vore ute i litt over eitt år grunna kneskaden,
og tek eit steg om gangen. Eg har ikkje hastverk, seier Kjerstin Boge Solås om at landslagsleiinga
allereie no vil ha ho med i troppen når det norske rekruttlandslaget skal ha samling. Og akkurat
Thorir Hergeirsson og Mia Hermansson Høgdahl har ansvarert for rekruttsamlinga neste veke. Den
varer frå torsdag til søndag.


16 månadar ute
-Eg veit at så lenge mange av dei beste norske spelarane deltek i Champions League og elles er
opptekne med andre oppgåver, så vil samlinga i Kristiansand neste helg bestå av spelarar frå den
heimlege serien. Men likevel uansett kjekt å få vere med på landslagssamling igjen. Det er jo ei stund
sidan sist, smiler Kjerstin Boge Solås medan ho er tilbake i Førdehuset med klubblaget sitt. Og
faktum er at det er 16 månadar sidan sist Dale-klippa deltok på samlingmed det norske landslaget.
-Når det gjeld A-landslaget, så skal vel dei delta i Golden League-turneringa i Frankrike i slutten av
mars månad. Men eg stressar ikkje det. Eg er glad så lenge eg kjem med på ei samling om ikkje så
lenge, ler Boge Solås som var den yngste norske kvinnespelaren under EM, då ho fekk sin debut og
vart europameister i desember 2016.

Thorir: -Bruk tida
Og landslagstrenar Thorir Hergeirsson er klar i sin dom når det gjeld Kjerstin Boge Solås:
-Ho har eit udiskutabelt stort potensial som tovegsspelar, sterk midtforsvarsspelar, og som ein bra
bakspelar med både skot og gjennombrot. Ho får konsentrere seg om å komme tilbake etter skaden,
så vil ho forsterke Tertnes-laget solid. Når det gjeld landslaget så får vi sjå utover, seier Hergeirsson
og såg at sist EM kom for tidleg for sunnfjord-jenta.
- No må ho få bruke den tida ho treng, seier Hergeirsson.

Skule og kamp
Men før samlinga i Kristiansand var det handballskule med unge Førde-talent og dei andre Tertnes-
spelarane, før seriekamp i Førdehuset søndag kveld kl. 18.00. Og då er bergensklubben Tertnes
vertsskap for motstandarlaget Skrim frå Kongsberg.
-Tertnes spelte seriekamp i Førdehuset for to år sidan, og eg hugsar det var sjukt god stemning da. Eg
håpar sjølvsagt på det samme søndag kveld. Og så er det jo kjekt at den gamleklubben min, Førde,

med storesøster Andrea i mål, spelar seriekamp mot Follo rett føre. Det vil garantert gjere at det blir
godt med folk på tribunene. Og ikkje noko er kjekkere enn det. Så dette er noko eg verkeleg gler meg
til, seier Kjerstin Boge Solås på snarvisitt heimom.




SÅG VESLESØSTRA DEBUTERE BLANT SENIORANE

Lagt ut av Førde IL - Handball den 16. Feb 2019

No har denne familien ein spelar i eliteserien, ein i 1. divisjon og ein i 3. divisjon. Snakk om handball-
familie.

I 3.divisjonskampen mellom Dale og Stryn fredag kveld fekk 16 år gamle Regine Boge Skadal debuten
sin på seniornivå, og på tribunen sat storesøstrene Kjerstin og Andrea Boge Solås og såg på.
-Kjekt å sjå at ho får prøve seg litt på seniornivået. Men synd at ikkje Stryn kunne gje dei meir
motstand, seier landslagspelaren Kjerstin Boge Solås (21).


Leia 16-0
For Dale vann kampen mot Stryn heile 32-6, etter å ha leia med imponerande 16-0 etter 1. omgang.
- Eg skulle sjølvsagt ha scora når storesøstrene mine såg på debutkampen min. Men eg fekk no laga
eit straffekast da, ler 16-åringen hjarteleg etter oppgjeret og blir gratulert med debuten av laget sin
toppscorar Amanda Holmen som scora heile 13 mål i kampen.

Mot Follo
Storesøstrene Kjerstin og Andrea får ei hektisk helg i samband med topphandball-helga i Førde. På
laurdag skal Kjerstin, saman med lagvenninnene på eliteserieklubben Tertnes, halde handballskule
for unge førdinarar. På søndag skal begge søstrene spele viktige seriekampar i Førdehuset. Først skal
storesøster Andrea (22) spele viktig 1. divisjonskamp mot Follo, medan Kjerstin (20) rett etter denne
kampen skal spele kamp om medalje i eliteserien.
-Eg håpar for vår del at det skal vere mogleg å slå Follo. Vi har tidlegare i år vist at vi er i stand til å
hamle opp med dei fleste i 1. divisjon. Trass i mange skader på medspelarane mine. Så vi får satse på
å lukke igjen målet, og gje utespelarane gode kontringssjansar, seier målvakta Andrea smilande.

Mot Skrim
Medan Kjerstin på sin plass håpar det skal vere mogleg å tukte botnlaget Skrim søndag kveld.
-Men Skrim har akkurat slått Larvik og er ikkje så svake som tabellen viser. Dei har dessutan fått ny
trenar, og det kan jo gje dei eit løft. Men eg har veldig lyst på medalje med Tertnes, og då må vi sikre
oss sigeren her i Førdehuset. Som Dale-jenter har vi Fjalerhallen som heimebane, men etter mange
år i Førde er dette også som ei god heimebane. Og med den stemninga som det brukar å vere her, så
lovar det godt, seier handball-søstrene frå Dale.


Kampar:
Søndag kl. 16.00: Førde-Follo, 1. divisjon
Søndag kl. 18.00: Tertnes-Skrim, eliteserien



PLUTSELEG DUKKA LANDSLAGSSJEFEN OPP

Lagt ut av Førde IL - Handball den 13. Feb 2019


Med ein noko overraskande 22-24siger mot Ålgård søndag tok Førde eit langt steg mot sikker plass i 1. divisjon. Og laget sine gode resultat den siste tiden har også gjort at Førde-spelaren Oda Vindheim er utteken til ny samling med juniorlandslaget.

-Så langt er eg berre reserve i troppen. Men skulle det komme fråfall, så kan det hende eg skal vere med på samlinga i Kristiansand neste helg. Men før den tid skal vi har stor handballhelg i Førde-huset med viktig 1. divisjonskamp mot Follo, og dessutan eit kjempeopplegg med eliteserieklubbane Tertnes og Skrim frå Kongsberg, seier Oda Vindheim føre storhelga i Førdehuset.

Thorir i hallen

Og sjølv om Oda Vindheim for andre gong i løpet av kort tid er utteken til samling med juniorlandslaget, så vedgår ho at ho vart noko overraska då sjefen for det norske damelandslaget for seniorar, Thorir Hergeirsson, dukka opp nede på parketten etter kampen mot Ålgård.

-No spelar dei fleste juniorlandslagsjentene med 1. divisjonsklubbar, og eg reknar med at landslagsleiinga av den grunn ser ein del av kampane våre. Men at Thorir Hergeirsson dukka opp under kampen mot Ålgård, skuldast nok like mykje at han kjenner trenaren vår, Hilmar Gudlaugsson. Men uansett så håpar eg at han såg at det vi gjorde mot Ålgård var ganske bra, ler Oda Vindheim som sjølv er noko overraska over kor mange poeng Førde har plukka gjennom sesongen.

-Vi har vore gjennom ein ganske spesiell skadesituasjon dette året, og likevel plukkar vi poeng i mange av kampane. Noko som skuldast at nye og unge spelarar får tillit, og har teke vare på sjansane dei har fått, sier Vindheim. Ho siktar til skadene til Maria Ullebust Oppedal, Marit Ova Bøyum, Elena Birgirsdottir og Emilie Myklebust Sande, samt at Margrete Mjåtveit har reist på studietur til Bali.


Nye posisjonar

-Og om kort tid reiser også Andrine Stølen på studietur.  Men dette betyr berre at nye får sjansen, smiler Vindheim som sjølv har fått prøvd seg i mange nye posisjonar i årets sesong i 1.divisjon.

- I år har eg gått frå å vere kantspelar til å bli brukt som både bakspelar og senter. OG det er veldig flott for meg å få testa meg ut i nye posisjonar. Eg trur det berre utviklar meg som spelar, seier den fotrappe junioren.

I oppgjeret mot Ålgård var Førde i føringa gjennom heile kampen, og Jeanette Øksenberg vart lagets toppscorar med åtte mål. Målvakta Isabela Maria Rosca vart kåra til Førde sin beste spelar av den lokale juryen.

Søndag ettermiddag klokka 16.00 spelar Førde heimekamp mot Follo i Førdehuset. Føre kampen ligg Follo på 4.plass, medan Førde ligg på 9.plassen.





Årsmøte torsdag 14.februar

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Feb 2019

Førde IL - handball held årsmøte 2019 torsdag 14.februar på FIL-huset i Hafstadparken.




Sakliste:


1. Godkjenning av innkalling, sakliste og medlemmene sine rettar i møtet

2. Konstituering

Val av:

          ○ Møteleiar:

          ○ Møtereferent:

          ○ To personar til å skrive under protokollen:

3. Årsmelding frå styret

4. Rekneskapen for 2018

5. Treningsavgift 2019

          ○ Framlegg: styret kjem ikkje med framlegg, men ber om at årsmøtet

              diskuterer dette

6. Budsjett 2019 og 2020

7. Presentasjon av revidert sportsleg plan

8. Val