Møt sponsorane våre: Elvetorget

Lagt ut av Førde IL - Handball den 30. Jun 2023

Jonny Tjønn (t.h.), og Rune Øksenberg, Førde IL Handball.

Elvetorget har fornya kontrakten med Førde IL Handball. Leiinga i kjøpesenteret er opptekne av lokalt samarbeid som skaper eit levande lokalsamfunn.
- Det at Førde har ein god handballklubb for aldersbestemte lag og gode herre- og damelag i toppen er med på å sette Førde på kartet, seier Jonny Tjønn i FGH Invest, som eig Førde Torg og Elvegården, der Elvetorget held til..
- Vi i handballen oppmodar medlemmene våre og publikum til å handle lokalt, slik at vi framleis kan ha desse viktige støttespelarane våre, seier leiar Rune Øksenberg i Førde IL Handball.

Elvetorget kjøpesenter har over 30 butikkar og fire serveringsstader. I tillegg har fleire firma innan helse tilhald i senteret.  

.


I løpet av våren har Førde IL Handball fornya kontrakten med fem sponsorar, avtalar som er heilt uvurderlege for drifta av klubben, slik at vi kan gi dei unge eit godt tilbod innan idretten som gir så mykje glede. I tida framover kjem vi til å presentere alle desse støttespelarane våre. 

 




Møt sponsorane våre: Entreprenørservice AS

Lagt ut av Førde IL - Handball den 25. Jun 2023

Dagleg leiar Thomas Østerbø i Entreprenørservice og styreleiar Rune Øksenberg i Førde Handball stadfestar at sponsorkontrakten er forlenga.

Utan dei trufaste sponsorane er det ikkje så mykje Førde Handball får gitt av tilbod til unge og litt eldre handballspelarar. Pengane dei bidreg med gjer at vi kan betale halleige, trenarar, dommarar, reiser og mykje anna.

Saman med styremedlem Ingvill Hafstad har Rune Øksenberg hatt møte med og fornya sponsorkontraktane med fem av sponsorane våre.  Ein av dei er Entreprenørservice AS, som har sagt ja til å sponse handballen i tre nye år.

Verksemda, som har hatt stor vekst dei siste åra, ser det som verdfullt å vere med og støtte opp om fritidstilbod i nærområdet. Vil du vite meir om Entreprenørservice AS, kan du gjere det på heimesida deira:





Serieopning heime mot Hokksund

Lagt ut av Førde IL - Handball den 23. Jun 2023

Oda Vindheim og Benedicte Bergset gler seg til ny sesong og nye motstandarar. Foto: Photoevent.

Vi er godt i gang med sesongførebuingane inn mot komande sesong. I juni har fokuset vore det fysiske supplert med litt balløkter (alltid kjekt med ball). Ift til det fysiske er Spenst Førde ein viktig samarbeidspartner. I juli blir det individuell trening, etter eit individuelt oppsett program.

 

Terminlista er klar, og vi opnar mot Hokksund heime 16.september kl 1600. 

Her er heile terminlista.

Men før den tid skal det gjerast mykje førebuingsarbeid. Vi startar med fellesøkter i månadsskiftet juli-august. Så blir det treningsleir i Volda i midten av august.

I NM ( cup’en) fekk vi walk over i 1. runde, og møter Ørsta borte i runde 2, som skal spelast før 27. august. Vinnaren Ørsta – Førde får heimekamp mot 1. divisjonslaget Volda i 3. runde.

Når det gjeld spelarstall er det litt utskiftingar. Emma Gloppestad reiser til Bergen, Sara Dyrhol har valt å prioritere studier, Maren Totland Aase har flytta til Alta.  I tillegg har vi ikkje forlenga samarbeidsavtalen med Sogndal og Gloppen, slik at dei spelarane er ikkje aktuelle for oss i år.

Nye inn i stallen er våre eigne jenter Marie Erichsen Myklebust, Guro Bruland Gurvin og Ronja Holsen. Vilje Sande-Neset og Amalie Haugsbø Ness er også blitt ein fast del av troppen. I frå fjorårets Førde 2 er Emma Kråkenes og Anne Sofie Jørgensen teken opp i stallen.

I tillegg har vi fått ein ny tilvekst i Annette Kaalstad frå Gjerpen 2. Ho var sentral på 2. divisjonslaget i avdeling 2 og var nr 2 på scoringstabellen i avdelinga med 165 mål. Ho har vore på prøvespel hjå oss, og det vart treff både for ho og laget. Til samanlikning sette vår toppscorar, Emma Gloppestad, inn 123 mål.

Kort oppsummert – vi har eit godt utgangspunkt samanlikna med fjoråret, men det skal gjerast mykje godt og viktig arbeid framover-

God sommar 😊

Øyvind Indrebø