- ALEX TOK OPP KAMPEN

Postet av Førde IL - Handball den 17. Nov 2019

Førde-spelarane kasta seg rundt halsen på kvarandre og jubla hemningslaust etter sigeren mot Ålgård søndag ettermiddag.-Herleg at vi tek om kampen på ein slik måte, seier Hilmar Gudlaugsson.

Førde sin islandske trenar kunne sjå at det var heimelaget som tok kommandoen i oppgjeret, men sakte, men sikkert kom rogalandsjentene ajour. Og midtveges i 2. omgang var Ålgård faktisk i leiinga.

- Vi hadde litt problem i ein periode. Ålgård hadde sett frimerke på Birta Gretarsdottir, og dei alternativa vi testa ut som bakspelarar, hadde ikkje dagen. Og eg visste at Alexandra Baesu har eit bra skot, og tok sjansen på at ho også skulle spele i angrep. Og det vart ein suksess, ler Gudlaugsson og kunne sjå at den rumenske bakspelaren vart toppscorar for Førde med sine sju mål.

Sju mål

- Nokre av dei skota var ho heldige med. Men det viktigaste er at ho tek ansvar og kjem til avslutningar. Då blir det ofte mål, seier Gudlaugsson og såg gledesscene der Førde-jentene dansa rundt.

- Eg merkar vi får litt større breidde i troppen, og då er det fleire å spele på. Det er ikkje alltid at spelarane har dagen sin, og då er det viktig å ha nokre spelarar i bakhand. Og i dag vart det ein skikkeleg suksess med Alex, seier Gudlaugsson og såg at Birta Gretarsdottir vart kåra til Førde sin beste spelar.

God Birta

- Birta hadde ein veldig god 1. omgang, og då ho får frimerke på seg i 2. omgang, er vi heilt avhengig av at nokre av dei andre tek ansvar og tør å utfordre. Og i dag var det iallfall ingen tvil om at Alex lukkast med det, seier Gudlaugsson.

No skal Førde-jentene ha fri i to helger, før laget skal ha bortekamp mot Fyllingen i Bergen 8. desember. Og 15. desember kjem det gamle storlaget Larvik til Førdehuset i det som blir avslutningskampen for Førde på denne sida av nyåret.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline