Landsturnering i Bergen
Postet av Førde IL - Handball den 7. Sep 2025
Landsturneringen er over for denne gong. I år var gigant-arrangementet for menneske med funksjonsnedsettingar arrangert i Bergen. Det var fint ver, rekordpåmelding og idrettsglede kor ein snudde seg. Både fotball og handball blir samla, og alt føregjekk i og ved Haukelandshallen.
Førde IL Handball var representert med våre 15 spelarar på Førde United frå fredag til søndag. Laget har tidlegare deltatt på Lillehammer, Jessheim, og Bergen for andre gong.
Motstandarar denne gongen var Hinna, Klepp, Bryne og Sandviken. Førde var ikkje verre enn at dei vann alle 4 kampane. Men vel så viktig som resultat var den store banketten i Grieghallen laurdag kveld, også med dans.
Det er fantastisk at over 2100 personar kan bli servert middag samtidig. Godt gjort. Og etterpå aula det på med fleire hundre danselystne i Peer Gynt-salen. Litt av eit skue.
Trøtte, men godt nøgde etter ei super helg, ser ein fram til at Hjerteligaen startar neste måned.
Tekst og foto: Terje Holvik
Image Caption
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball

TRIVSELSSERIEN FOR KVINNER
06.09.2025

Klubbhuset nivå 1
27.08.2025

Sertifisering
27.08.2025

Førde IL er sertifisert i Klubbhuset Nivå 1
21.08.2025

Trivselsserien for kvinner
29.07.2025