Toppar 4. divisjon etter bortesiger
Postet av Førde IL - Handball den 1. Okt 2023
BSI-Førde 27-34 (11-14): Lars Engen Skadal (biletet) og dei andre på herrelaget til Førde tok med seg to poeng heim frå turen til Bergen laurdag. Som vanleg tok det litt tid før våre karar kom skikkeleg i gang, så BSI var i føringa dei første åtte minutta. Då kom ein god Førde-periode, og etter det hadde vi kontroll på det meste, bortsett frå dommarane.
Ser ein på kampstatistikken skulle ein tru at det var ein stygg kamp, med 12 tominutts utvisingar og tre raude kort, to til BSI og eitt til Førde. Det var det Daniel Kvidahl som fekk tidleg i andre omgang.
Men ifylgje lagleiar Leif Otto Olsen var det slett ikkje nokon stygg kamp.
- Dommarane la seg på ei veldig streng linje, spelarane kunne knapt vere borti kvarandre. Eg synest det var ein fin kamp, med ei god tone mellom laga. BSI gav uttrykk for at det var kjekt å møte skikkeleg motstand.
No toppar Førde tabellen med fire poeng på to kampar.
Thomas Niiranen Hamre vart vår toppscorar med 10 mål, Lars Engen Skadal hadde 9, Jakub Rycerz 5, Daniel Kvidahl 4 (2 på straffe), Mathias Indrebø 2, Robin Gjesdal 2, Trond Gjesdal 1 og Matheus Diaz Boge 1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024