Ver med og ta eit tak!
Lagt ut av Førde IL - Handball den 10. Feb 2023
Å vere med på handball gir mykje glede, mange kjekke opplevingar, samhald, kameratskap og lagkjensle. Enkelte spelarar, som Marit Ova Bøyum og Martine Vindheim, har gjort det så godt at dei no spelar på norsk toppnivå. Men for dei fleste er det nok med å vere med på eit lag, av og til vinne, andre gonger tape. Uansett er det kjekt for dei fleste som vel denne idretten.
Men for at dei skal få sjansen til å oppleve alt det handballen kan gi dei, er dei avhengige av at nokon legg til rette for det. Det må pengar til for å leige hall til trening og kampar, til dommarutgifter. Nokon må syte for at det finst trenarar og oppmenn til alle laga, at laga har drakter og alt anna dei treng.
Dette er eit ubetalt arbeid, det å sitte i styret i handballgruppa, å vere med i sportsleg utval, vere oppmann. Men dei som vel det, får mykje att for den tida dei brukar på tilrettelegginga. Det å sjå gleda hjå ungane på bana, sjå samhaldet, er god betaling.
Eira Weseth, som vart kåret til Årets eldsjel på Idrettstinget i januar, fortalde at ho fekk beskjed frå faren sin om å seie ja dersom ho vart spurd om å ta eit verv innan idretten. - For du får meir igjen enn det du gir, sa han.
Les meir om dete her: https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/si-ja_-oppfordrer-arets-ildsjel-eira-_73_-1.16248856
No er det snart årsmøte i Førde IL Handball, og det er ledige verv. Så om du får spørsmål om å vere med på laget, så gjer som Eira Weseth: Sei ja!
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball

Dei slo til på bortebane!
24.09.2023

God start på 4. divisjon
17.09.2023

Tremålstap i serieopninga
16.09.2023

Annette gler seg til seriestart
13.09.2023

Tuva på regional landslagssamling
07.09.2023

Ein kjekk leksjon i effektiv handball
05.09.2023