Rogalandstur utan poeng
Postet av Førde IL - Handball den 13. Nov 2022
To svært klare tap vart resultatet av turen til Rogaland i helga. Laurdag vann Sola 2 49-21, søndag vart Stavanger for sterke, resultatet vart 36-17.
- Det var eit stykke opp, seier trenar Øyvind Indrebø. Vi møtte eit veldig godt Sola 2, som scora dei fleste av måla sine på kontringar. Vi er nøgde med å ha sett inn 21 mål.
Stavanger hadde berre sanka eitt poeng på sine fire første kampar, men likevel vart det eit klart tap for vårt lag.
- Vi let dei få lov til å vere gode, seier Øyvind.
Han reiste til Rogaland utan fleire sentrale spelarar. Både GHK og Sogndal hadde seriekampar i helga, og difor måtte vi greie oss utan spelarar frå samarbeidslaga. Til kampen søndag kom 2006-jentene Marie Erichsen Myklebust og Ronja Holsen sørover for å hjelpe til. Dermed var det tre 16-åringar med i kampen mot Stavanger.
Mål for Førde mot Sola2: Oda Vindheim 6 (2 på straffe), Tuva Tefre Kalstad 4, Benedicte Frøyen Bergset 3, Maria Therese Kirkhorn 3, Rebekka Ølmheim 2, Ingrid Sofie Indrebø 2, Maren Totland Aase 1.
Mål mot Stavanger: Benedicte Frøyen Bergset 8, Oda Vindheim 5, Maria Therese Kirkhorn 2, Maria Erichsen Myklebust 1, Ingrid Sofie Indrebø 1.
Foto: Photoevent
Tekst: Kjell Arvid Stølen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
![Førde J12 på Fjordcup](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1722/2024/6/3/638530221822879883fjordcup-1.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
![Avslutta god sesong med to nye poeng](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/21/siger-mot-bj-rnar--1-.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
![Øyvind: Imponerande sesong av jentene](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/17/-yvind-photoevent2.jpeg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
![Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/4/4/638478623446583799434066632-1107509943707082-6920077772539465675-n.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
![Stortap mot serieleiaren](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/23/638468089264594123alex-best-mot-gneist.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
![Gjensyn med Emma](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1722/2024/3/20/emma-gloppestad-mot--rstad.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Gjensyn med Emma
20.03.2024