Vi treng fleire slike!

Postet av Førde IL - Handball den 2. Jun 2022


Dagfinn Vik (t.h.) og Odd Erik Gullaksen har på fleire område og gjennom mange år lagt ned ein enorm innsats for Førde IL Handball. Dagfinn har vore dommar, Odd Erik trenar og sportsleg leiar, begge har brukt mange timar i sekretariatet på handballkampar. Dette gjer dei med glede og av ei stor interesse for handball generelt og for Førde Handball spesielt. 

- Vi håpar at begge kan vere med oss vidare. Men vi treng fleire som desse to, seier leiar Rune Øksenberg, som overrekte blomster til Dagfinn og Odd Erik etter siste seriekampen denne sesongen.

Det er alltid trong for trenarar og oppmenn. Kan du for lite om handball, seier du? Ikkje noko problem, det finst kurs som vil gi den opplæringa som skal til. 

Og vi har for få dommarar. Kvifor ikkje prøve seg? Også her vankar det opplæring. Mange vil kanskje vegre seg for å gå ut på bana med fløyte i munnen. Det kan av og til vere stort engasjement i kampane, men i dei aller fleste kampane går det fint for seg. Og alle trenarar og spelarar veit at utan dommarar får dei ikkje utøvd sporten sin.

I tillegg er det mange små og nokre litt større oppgåver som må løysast for at kampar og treningar skal bli avvikla, så bli med oss på laget!

Kva får du igjen for å engasjere deg i handballen? Pengar kan vi ikkje love, men du får vere med i eit kjekt, pulserande miljø og kjenne at du er med på å legge til rette for at dei unge spelarane våre får utøve idretten dei er så glade i. Å sjå ekte idrettsglede er ei oppleving i seg sjølv.

Dersom du har lyst til å ta i eit tak, ta kontakt med Rune Øksenberg på tlf. 99550807.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.