Guro vil hjelpe oss i serieinnspurten

Postet av Førde IL - Handball den 7. Apr 2022

I går vann Kjøkkelvik 36-30 over Årstad og har passert Førde på tabellen. Vi ligg dermed under nedrykksstreken. Men fortvil ikkje! Det er lys i tunnelen. Eitt av dei er Guro Horten Solberg. Ho var med på starten av Førde sin veg mot 1. divisjon. I sesongen 2011/12 rykte vi opp frå 4. til 3. divisjon, og Guro var ei viktig brikke i arbeidet med å endre Førde frå eit nokså ordinært 4. divisjonslag til eit lag med profesjonell haldning til handballen.

No vil ho ta i eit tak igjen.

Guro kom til Førde i august 2010, då ho tok til i turnus som fysioterapeut på Førde Sentralsjukehus. Noko av det første ho og mannen gjorde var å gå på fotballkamp for å sjå Førde i ein 2. divisjonskamp. På tribuna møtte ho Oddny Sønnesyn.

- Eg blei raskt med på ei Førde-trening. Og mannen min, Marius, begynte å trene og spele med Førde fotball. Vi blei tatt veldig godt i mot, og dottera mi, som då var sju månader, hadde meir enn nok jenter til å passe seg mens eg var på trening. 

- Det var gøy å få vere med og spele Førde opp i 3.divisjon, og det var fleire unge spelarar som fekk prøvd seg. Som tidlegare elitespelar i Larvik og i Tertnes stilte eg nok andre krav , og var vant til ein heilt annan treningskultur enn det som var gjort tidlegare i Førde. 

- Etter endt turnus har eg fylgt Førde på avstand mens dei klatra oppover i divisjonssystemet, og det har vore gøy å følgje med.

Foto: Svein Andre Svendsen.

 

Det var eit nytt møte med Oddny Sønnesyn no i vinter som gjer at Guro no vil hjelpe klubben ho ikkje har spelt for på ti år. Ho bur i Porsgrunn, men var ein tur til Bergen ei helg Førde spelte kamp der, og møtte opp for å sjå på. Og gjensynet med Oddny resulterte i at ho melde seg til teneste.

Guro har ikkje spelt aktivt på ei stund, men handballen har likevel fylt det meste av fritida.

- Dei siste to åra har eg vore trenar for eit 4.divisjonslag, men gav meg før inneverande sesong då dei rykte opp i 3.divisjon. Eg har heile tida jobba som privatpraktiserande fysioterapeut med idrettsmedisin som interessefelt. Det resulterte i at eg var fysioterapeut for Larvik håndballklubb i perioden 2015-2019, og hausten 2019 blei eg tilbydd å vere fysioterapeut/medisinsk ansvarlig for LK04, altså landslag kvinner fødd 2004/2005. Planen er å følgje dei til dei er seniorspelarar.

Guro har to barn på 12 og ni år, og der i familien er det fotball som gjeld. Og for Guro litt handball for Førde i nokre veker. Ho krev ikkje pengar for å vere med, men Førde IL Handball betalar reisekostnadene hennar.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn i Førde IL Handball er glad for å få ein kapasitet som Guro Horten Solberg med i dei siste kampane.

- Sist ho spelte for oss hadde ho med seg ein vinnarvilje, treningskultur og profesjonalitet som var svært nyttig. Ho blei ein tydeleg referansespelar for dei rundt seg, og med henne i front rykte Førde opp til 3.divisjon den sesongen. 

- Guro har ikkje spelt aktivt dei siste sesongane, men handball er fortsatt ein stor del av livet hennar. Grunnen til at vi har henta inn Guro er fleirdelt. Vi trur ho kan bidra med profesjonalitet, tryggheit og erfaring i kampen om å behalde plassen i divisjonen, noko som er svært viktig for oss. 

- Stallen vår er tynn, og det har vore krevjande å få kabalen rundt bruk av samarbeidsspelarar til å gå rundt, så ho vil vere ein spelar vi veit vi har tilgjengeleg i dei siste kampene. Så er ho i tillegg venstrehendt, noko som gir angrepsspelet vårt ein ekstra dimensjon. Og sist, men ikkje minst….Guro sin flotte personligheit vil garantert verke positivt inn i spelargruppa. Vi er svært glade for at Guro har sagt ja til å hjelpe oss, og vi gler oss til å få henne inn i gjengen, seier Oddny.

Eit anna moment som gjer at vi har grunn til å sjå meir positivt på sjansen til å halde oss i 2. divisjon, er at Ålgård sitt førstelag etter alt å døme rykkjer ned frå 1. divisjon. I så fall må andrelaget deira ned til 3. divisjon. Dermed treng vi berre ha eitt lag bak oss på tabellen. Akkurat no har Førde fem poeng, Viking har to. Og vi møter Viking i Førdehuset 1. mai. Det blir ein nøkkelkamp, og då håpar vi at alle med hjarte for Førde IL Handball møter opp for å heie fram Førde med Guro Horten Solberg på laget!

Tekst: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.