Endeleg: To poeng og over streken

Postet av Førde IL - Handball den 19. Feb 2022

Endeleg fekk dei spele handball igjen, og endeleg vart det to poeng. I ein kamp der Førde svinga litt i kvalitet vart det til slutt ein komfortabel åttemålssiger over Nærbø i Førdehuset. I det første kvarteret gjekk det aller meste heimelaget sin veg, leiinga var på det meste 14-4. Men så gjekk det trått dei siste ti minutta av omgangen, og Nærbø kom nærare. Til pause stod det 16-10.

Maria Ullebust Oppedal, som eigentleg har gitt seg med handball og flytta til Bergen, var henta inn for å bidra med sin rutine, og det gjorde ho. I starten av andre omgang sette ho inn to viktige mål. på eit tidspunkt då det såg ut til at Nærbø ville kome endå nærare. Mot midten av omgangen kom ein ny downperiode for heimelaget, og leiinga vart knappa inn til fire mål. Men frå då av var det ikkje tvil. Til slutt stod det 28-20 på måltavla.

Veslemøy Risnes Kjønås vart kåra til beste Førde-spelaren i denne kampen. I tillegg til sju mål gjorde ho ein kjempeinnsats som toar i forsvar. Ikkje verst av ei jente som nett har kome ut av sjukesenga etter å ha hatt  korona. 

I mål stod Andrea Boge Solås i periodar som ein levande vegg, og kaptein Oda Vindheim var som vanleg eit konstant trugsmål for Nærbø-forsvaret.

Olea Håland vart kåra til beste spelaren på Nærbø.

Måla til Førde vart scora av: Oda Vindheim 7, Veslemøy Risnes Kjønås 7, Berenice Olga Halvorsen 5, Maria Ullebust Oppedal 4, Martine Vindheim 3, Amalie Haugsbø Næss 1 og Oda Hage Lambrechts 1

  • Siste timeout: Trenar Øyvind Fougli Vraalsen manar spelarane til å blø for drakta og poenga.



    No er Førde oppe på fem poeng og ligg over nedrykksstreken. Men det er langt fram før vi eventuelt kan juble for fornya kontrakt. Først i slutten av mai går siste kampen i serien.
    Her er kampdatoane til Førde: 
  • 26.2: Stavanger-Førde
  • 27.2: Ålgård 2-Førde
  • 5.3: Gneist-Førde
  • 13.3: Årstad-Førde
  • 26.3: Førde-Tertnes
  • 9.4: Fyllingen-Førde
  • 23.4: Førde-Hinna
  • 30.4: Førde-Åsane
  • 1.5: Førde-Viking
  • 15.5: Kjøkkelvik-Førde
  • 28.5: Førde-Gneist

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.