Koronaen stansar oss - igjen
Lagt ut av Førde IL - Handball den 14. Des 2021
Restriksjonane som regjeringa har innført for å få ned koronasmitten får fylgjer for handballen. Sett bort frå Rema 1000-ligaen for menn og kvinner blir det stans i all kampaktivitet frå 15. desember til 11. januar. For 2. divisjonslaget vårt betyr det at ein kamp blir utsett, bortekampen mot Gneist, som skulle ha gått komande laurdag. Den neste kampen er heime mot Viking den 15. januar, så dersom forbodet mot kampar ikkje blir ført vidare, kan den gå som planlagt.
Når det gjeld trening, skriv Handballforbundet dette på si heimeside: Også treningsaktiviteten påvirkes. Norges Håndballforbund er i dialog med de rette instanser for å innhente avklaringer om hva de nye endringene innebærer for Håndball-Norge, og vil kommunisere dette når vi har fått bekreftet informasjon.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball

Dei slo til på bortebane!
24.09.2023

God start på 4. divisjon
17.09.2023

Tremålstap i serieopninga
16.09.2023

Annette gler seg til seriestart
13.09.2023

Tuva på regional landslagssamling
07.09.2023

Ein kjekk leksjon i effektiv handball
05.09.2023