FEKK MØTE SITT STORE IDOL
Postet av Førde IL - Handball den 6. Jun 2019
Det var ikkje berre mødrene som måtte tørke tårer. Ungjentene på Førde sitt 13-årslag fekk nemleg møte sitt store idol i Sotra Arena onsdag kveld, og trudde knapt sine eigne auge.
- Skal vi få møte Nora Mørk, og få autografen hennar?
Dei tre Førde-jentene Ronja Nordbotten Holsen, Guro Bruland Gurvin og Marie Erichsen Myklebust var fulle av forventning under VM-kvalifiseringskampen mot Kvite-Russland utanfor Bergen. For heime på jenterommet til 12-åringane heng det mange bilde av landslagsspelarane og Nora Mørk spesielt.
På hotell
Og då Norge spelte returoppgjeret føre om lag 4000 tilskodarar onsdag kveld, fekk dei tre 12-åringane reise inn til Bergen for å sjå kampen.
-Vi skal bu på hotell i natt, men det mest spennande er om vi får autografen til Nora Mørk. Ho er den mest populære, seier Guro Bruland Gurvin til underteikna etter at kampen er ferdig.
Då står dei saman med mange hundre unge spelarar og ventar tolmodig på at spelarane skal komme tilbake for å gå runden rundt bana for å skrive autografar. Og når spelarane samlast midt på bana, går det eit sukk av forventning når Nora Mørk dukkar opp. For etter å ha vore ute frå landslagshandballen i meir enn 500 dagar grunna skade, er det tydeleg at mange håpar Nora Mørk skal komme tilbake i toppslag. Ho gjorde comeback mot Sverige for snart to veker sidan, og har spelt begge kvalifiseringskampane den siste veka mot Kvite-Russland.
Kom rett bort
Og medan dei tre Førde-jentene står med både klubbdrakt og landslagsdrakt som dei vil ha signaturar på, ser dei spelarane fordele seg utover dei mange hundre autografjegerane som står og ventar. Og tru det eller ei, men Nora Mørk kom rett bort til der Førde-jentene stod.
Og på direkte forespørsel om ho kunne stille opp på eit fellesbilde med dei tre Førde-jentene, så svarte handballprofilen: Jøss, har dei reist heilt frå Førde? Sjølvsagt skal du då få ta bilde av oss saman, smilte Mørk og poserte saman med dei tre 12-åringane.
Tårer på kinnet
Og medan dei andre autografjegrane pressa seg på og gjerne ville ha ein bit av handballstjerna, var det tydeleg at augekroken på dei unge Førde-jentene var litt meir fuktig enn vanleg. Her hadde dei fått møte sitt store idol og til og med fått autografen til truleg verdas mest kjende handballspelar. Og det var nok ikkje berre 12-åringane som jubla, for på tribuna sat mødrene og var enda meir rørt over det døtrene deira hadde fått oppleve.
Og etter at Nora Mørk hadde stilt opp til fotografering med ungjentene, kom den eine landslagspelaren etter den andre bort og signerte draktene deira. Og for å kulminere jentene sin draumedag, så stilte heile det kvite-russiske landslaget opp til fellesbilde med jentene utanfor arenaen då alle var på veg heim.
Etter ei slik makalaus oppleving kan det godt hende at det var smil om munnen på jentene då dei stupte til sengs på hotellrommet seint onsdag kveld.
Og gjett om dei har noko å fortelje når dei møter venninnene sine i Førde etter desse opplevingane.
Tekst: Stig Roger Eide, Førde IL Handball
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.