Heim frå Bergen utan poeng

Postet av Førde IL - Handball den 13. Mar 2022

Bortekampen mot Årstad var ein av dei kampane der Førde hadde visse håp om poeng, men slik gjekk det ikkje. I Haukelandshallen trekte heimelaget det lengste strået og vann 27-20 etter å ha leia12-10 ved pause.

Og det starta ikkje særleg bra for Førde. Ikkje eit einaste mål i Årstad-buret dei første ti minutta, medan heimelaget hadde fått inn fire.  Det retta seg etter ein timeout, då sette Oda Vindheim (biletet) inn tre mål på rappen. Men nærare enn eitt mål bak kom ikkje våre jenter. Til pause var dei to bak, absolutt ikkje håplaust. 

Men Årstad scora dei to første måla også i andre omgang, og avstanden var fire og fem mål dei første ti minutta. Og etter at Martine Vindheim hadde redusert til 19-15, sette Årstad inn fem mål utan at Førde greidde å kvittere, og då var avstanden brått åtte mål. Denne perioden vart avgjerande for kamputfallet.

Førde hadde ein god periode mot slutten av kampen, då to mål av Oda og eitt av Martine reduserte leiinga noko, men Årstad prikka inn dei to siste måla og vann med sju.

Måla til Førde vart scora av Oda Vindheim 8, Martine Vindheim 5, Ingrid Sofie Indrebø 2, Maria Ullebust Oppedal 2, Amalie Haugsbø Ness 1, Berenice Halvorsen 1 og Oda Hage Lambrechts 1.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.