J15/16: Tap mot Stryn i første seriekampen

Postet av Førde IL - Handball den 19. Okt 2021


Etter ein godt gjennomført Vestkyst Cup i Florø, som enda med semifinale, så var det omsider tid for årets første seriekamp for J15/16 måndag ettermiddag. Turen gjekk til Stryn. Sidan fjorårssesongen har vi mista nokre spelarar, inkludert alle våre tre 05-spelarar. Dette har gjort at vi har gått fra å stille to lag til i år berre eitt lag, og vi er påmeldt oppover i 16-års serien med 06-lag, supplert med eit svært  hyggeleg tilskot av to 07-jenter frå klubben, som har tatt to steg opp i aldersklassane sidan i fjor! Vi kjem difor i stor grad til å møte lag med eldre spelarar i år, men den utfordringa er vi klar for med dei utviklingsmoglegheitar og erfaringar det gir!

Etter ein lang biltur, peptalk i garderoben og oppvarming var vi klare for kamp. Starten på kampen viser at dette Stryn-laget var absolutt eit lag vi kunne spele jamnt med. Aurora Haugsbø Næss får æra av å score vårt første offisielle mål for sesongen, det gjer at vi tar ledelsen 1-0. Deretter slit vi dessverre i motbakke resten av omgangen. I periodar viser vi kva vi er gode for, men det blir mykje bom eller ballmiss framover, og det stokkar seg i angrep. Den andre vegen får Stryn sine to store og skotsterke bakspelarar gå fritt opp og dunke ballen i mål frå 7-8 meter utan press gang på gang. I tillegg får linja deira litt for mykje rom i angrepet. Dette resulterer totalt i at vi ligg litt for langt bak til pause, på stillinga 15-9 til Stryn.

I pausen bestemmer vi oss for å ta store tak for å snu det, og 2. omgangen er av ein heilt anna sort. Sakte, men sikkert et vi inn forspranget og tvingar Stryn til fleire balltap på vår halvdel. Vi benyttar og sjansen til å sette fleire viktige scoringar på hurtige ankomstsjansar. Etter om lag åtte minutt etter ein god periode er vi fire mål bak og har muligheten til å gjere det spennande. 

Dessverre er det og i denne perioden vi bommar på sjansar vi skal sette og slepp inn mål som kunne vore unngått. Dette gjer at Stryn igjen får det forspranget dei treng og ser seg deretter ikkje tilbake igjen. Kampen endar til slutt 27-20 til Stryn. Vi tar med oss alt det positive frå kampen og forsøker samtidig å stadig ta nye steg i alle fasar i det vidare treningsarbeidet framover.

 Vi takkar Stryn for kampen. Gledelig å vere i gang igjen med ein ny handballsesong etter ein litt for lang koronapause, og vi ser fram til fortsettelsen. 

Heia Førde!

Tekst: Eivind Stølen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.