BLI KJENT MED….

Postet av Førde IL - Handball den 13. Sep 2019



  • Benedicte Frøyen Bergset

  • Fødd: 29.06.1999. Frå: Høyanger. Bustad: Førde. Jobb: Lærling Flatene skule.



Når Førde søndag kveld møter fjorårets toppserielag Skrim Kongsberg, så vil DU garantert oppdage Benedicte på bana. Ho er eit fyrverkeri av ein spelar, og er som strekspelar kanskje den på laget som får mest juling gjennom ein kamp. Men samstundes er ho også den som gir mest juling tilbake.- He, he. Det kan vere tøft å vere strekspelar, ja. Men eg elskar desse tette og tøffe duellane, seier Benedicte, som i det sivile er heller roleg av seg. Noko som trengst då ho er lærling i 1. klasse på Flatene skule.


I arv

- Når det er kamp, så skrur eg meg på. Det er sikkert noko eg har arva frå begge foreldra mine, smiler Benedicte. Og tenker på at pappa Svein Inge, er «Mr.Høyang» i fotballen i Høyanger med mange hundre A-lagskampar, og at mamma Malin har utmerkt seg med mange løp på halvmaraton og maraton, så har ho truleg arva idrettsgener.

- Eg har nok fått noko frå dei, ja. Så det er kanskje ikkje så rart at eg lengtar etter å ta meg ein tur til Høyanger så ofte som mogleg. For å vere saman med mamma og pappa, besta og besten. Men når det er sagt, så trivst eg veldig godt her i Førde også, seier lagets strekspelar som no ser ut til å ha spelt seg til ein fast plass på laget.

- Eg har gått gradene i laget. Dei første åra eg var her og gjekk på Øyrane vgs, så var det lite speletid på A-laget. Men i fjor fekk eg mange kampar, og no håpar eg sjølvsagt å ha styrka kandidaturet mitt hos trenar Hilmar Gudlaugsson, seier Benedicte.

Kom på kamp

Søndag klokka 18.15 kjem Skrim Kongsberg til Førdehuset for årets første heimekamp, og jentene på Førde håpar at DU kjem på kamp og støttar dei.

- Det betyr mykje for oss som spelarar at vi opplever å ha god støtte på tribunene, seier strekspelar Benedicte og gjer seg klar for å vise jentene frå sølvgruvebyen Kongsberg at det finst musklar i Førde også.



Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline