Plassen sikra etter thriller mot Gneist

Postet av Førde IL - Handball den 23. Apr 2023


Førde-Gneist 28-27 (19-14): Dei gjorde det meir spennande enn publikum sette pris på, men det vart to poeng til slutt, då Emma Gloppestad sette ballen i ope mål med tre sekund att på klokka. Dermed er Førde på trygg grunn og kan sjå fram til ein ny sesong i 2. divisjon.

Det var Gneist som kom best i gang og sette inn to mål før Førde-damene tok tak i kampen. Og då snakkar vi verkeleg om å ta tak. 0-2 vart til 10-3 etter 12 minutt. Kontant forsvarsspel kombinert med kjappe kontringar og gode skot skapte gong på gong problem for Gneist. Så kom bergenslaget litt sterkare, men vi heldt oss godt føre fram til pause, då stod det 19-14 på måltavla.

Medan angrepsspelet hadde glidd lett i første omgang, kladda det desto meir etter pause. Dårlege val, mindre presise skot, tre straffe utan mål gjorde at det vart langt mellom våre scoringar, og Gneist tok sakte, men sikkert innpå. Då det stod att fem minutt, hadde Gneist utlikna til 25-25. 

Men jentene våre nekta å gi seg, snart stod det 27-25 til oss, og dei fleste trudde at no var det heile i boks. Men ei dårleg pasning gav bortelaget eit kontringsmål, og med berre eitt minutt igjen stod det 27-27. Vårt neste angrep vart avslutta altfor tidleg, og utan mål, og med 23 sekund igjen tok Gneist timeout. Då dommarane sette i gang spelet igjen, tok Gneist ut keeperen sin. Heldigvis for oss gjorde dei feil, Emma fekk tak i ballen og sette den i ope mål. Stor jubel både på bana og på tribuna. 

- Trenar Øyind Indrebø, de veit å gjere det spennande?

- Ja, du må ikkje snakke. Det var ikkje planlagt. Eg er veldig godt nøgd med første omgang, og totalt sett meiner eg vi vinn fortent mot eit godt lag. Det ville ha vore eit ran om Gneist hadde vunne.

- Og med 15 poeng er plassen i 2. divisjon sikra?

- Ja, BSI er to poeng bak oss, og sjølv om dei tek to poeng mot Årstad i siste serieomgangen og vi taper mot Tertnes, så er vi føre dei på innbyrdes oppgjer.

Men det dei fleste ikkje visste, er at Førde ville ha fått behalde plassen sjølv om vi hadde hamna på nestsisteplass. Ei omlegging i divisjonssystemet gjer at dei to nestsistelaga med flest poeng slepp nedrykk, og Førde ville ha vore blant dei med 13 poeng.

- Men det er godt at vi ordnar kontrakten sjølve og ikkje på grunn av ei serieomlegging, seier ein glad og letta Øyvind.


Emma Gloppestad sette inn 10 mål og vart igjen kåra til vår beste spelar. Dei andre måla vart scora av Kinga Lemiech 5, Oda Vindheim 4, Benedicte Frøyen Bergset 4, Amalie Haugsbø Ness 2, Tuva Tefre Kalstad 1, Agnete Hjelmeland Ørnehaug 1 og Sara Dyrhol Vatne 1 mål.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.