Opprykket er i boks!

Postet av Førde IL - Handball den 13. Mar 2023

H5 Førde-Dale 33-27 (14-13): Herrelaget vårt kunne juble for opprykk til 4. divisjon etter heimekampen mot Dale måndag kveld. Om ei knapp veke er BSI 2 motstandar i Førdehuset, og då kan vi kanskje juble for seriemeisterskap også. For vi har 17 poeng på ni kampar, BSI 2 har 12 på sju kampar.

Etter ein dramatisk kamp mellom Førde og Dale tidlegare i sesongen var det denne gongen god stemning mellom laga, og handballen stod i fokus. Og den vesle tribuna på kortveggen i Sal 2 var stappfull av folk.

Første omgang var jamn, det stod 14-13 til Førde ved pause. Den elektroniske måltavla svikta, det førte til to avbrekk i spelet. Men i pausen vart dette ordna, og sekretariatet slapp bruke gamaldagse metodar.

Dale kom godt i gang i andre omgang, godt anført av Mika Dahle. Med god fart på ballen og stor innsats kjempa dei seg til ei tomålsleiing. Men så fekk Dahle ein strekkskade, og det hemma både han og resten av det unge Dale-laget. 

Samstundes fekk Førde betre sving på angrepsspelet sitt og seig sakte frå, slik at det til slutt vart 33-27.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 11, Lars Engen Skadal 6, Ole Kristian Gjerstad 5, Thomas Niiranen Hamre 5, Robin Marvik Gjesdal 3, Øyvind Fougli Vraalsen 2, Simen Roligheten 1. 

Mika Johan Hillersøy Dahle vart toppscorar for Dale med 8 mål.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.