Tabelltopp etter utklassing av Lindås
Lagt ut av Førde IL - Handball den 19. Feb 2023
H5: Førde/Gloppen 2-Lindås 47-9 (23-5): Lindås kom til Førdehuset med berre ein innbytar, og det vart ein mildt sagt lite spennande kamp. Sjølv utan vår toppscorar Lars Engen Skadal var det som eit barneskirenn, for å sitere Petter Northug. Etter første omgang stod det 23-5, og heimelaget fortsette å male på etter pause, slik at det til slutt stod 47-9 på måltavla.
Dermed tronar vi på toppen av femtedivisjonstabellen, med 13 poeng, eitt føre BSI 2. Det står att to heimekampar, mot Fyllingen 3 den 5. mars og mot BSI 2 den 18. mars.
Måla til Førde: Daniel Kvidahl 17, Ole Kristian Gjerstad 7, Kristian Henden 7, Matheus Diaz Boge 6, Jakob Hoff 4, Robin Marvik Gjesdal 4, Øyvind Fougli Vraalsen 1, Simen Roligheten 1.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024
Gjorde det spennande - men tok poenga
17.03.2024
Endeleg heimekamp igjen!
14.03.2024
Endeleg heimekamp igjen!
14.03.2024
Førde J12 imponerte i Temaserien
12.03.2024