Tap, men årets beste kamp

Postet av Førde IL - Handball den 25. Jan 2023

Randesund-Førde 28-23 (16-15): 2. divisjonsdamene våre spelte jamnt med Randesund i første omgang i Kristiansand onsdag kveld, men i andre omgang greidde heimelaget å opparbeide seg ei leiing som gjorde at det til slutt vart femmålstap. Før pause fylgde laga kvarandre tett, for det meste med Randesund i leiinga, men vi var føre på 10-11 og 12-13.

Andre omgang starta med tre mål frå heimelaget, så eitt på straffe frå Emma Gloppestad, før det kom tre mål til frå Randesund. Dermed stod det 22-16 på måltavla. Då tok Øyvind Indrebø timeout, og Oda Vindheim prikka inn to mål. Resten av kampen var jamn.

Øyvind seier dette om kampen: Vi møtte eit lag på bortebane som berre har tapt tre kampar i år og kom ned frå 1.div. Så det var eit godt lag. I det perspektivet er vi i trenarteamet godt fornøgde med gjennomføringa av kampen. Vi synest samhandlinga i angrep er begynt å sitte, slik at vi skaper meir tryggleik og gjennom det spelar jentene opp kvarandre.

I tillegg var jentene gode i duellspelet/smartnessen bakover, og der også tek samarbeidet til å sitte. Viktigast av alt, vi er svært fornøgde med moralen i laget, og viljen til å jobbe for kvarandre. 

Det er alltid surt å tape. Men vi må sette ting  litt i perspektiv – vi gjorde årets beste kamp.

Emma Gloppestad (biletet) var igjen vår toppscorar med 11 mål, fire av dei på straffekast. Oda Vindheim hadde fire mål, Benedicte Bergset to, S Vatne to, Mari Rusten, Agnete Ørnehaug, Maren Aase, Tuva Tefre Kalstad og Sara Dyrhol Vatne eitt kvar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.