Blir det jubel i helga?

Postet av Førde IL - Handball den 5. Okt 2022

Slik jubla laget vårt etter ein viktig siger i forrige sesong. No er håpet at det blir poeng å juble for når vi spelar dei første seriekampane på heimebane i sesongen 2022/23. Det skjer denne helga, laurdag 8. oktober klokka 16.00 er det avkast for kampen mot BSI. Søndag klokka 14.00 er Årstad motstandar.

Det er fire veker sidan sesongopninga. Då vart det to femmålstap borte mot Nærbø og Hinna. Dermed ligg vi sist på tabellen. Men det er to andre lag som også står med null poeng, mellom dei er Årstad. BSI har kapra eitt poeng.

Uansett, spelarar og trenarar gler seg til å sesongdebutere på heimebane, seier assistenttrenar Oddny Sønnesyn.

- Vi er spente. Serien har ikkje sett seg enno, så vi veit lite om kva vi møter. BSI rykte opp frå 3. divisjon og er eit studentlag. Erfaring tilseier at dei kan ha fleire spelarar som har spelt på høgare nivå, det har vi også sett på kampane til no.

Når det gjeld Årstad hadde dei til liks med Førde mager poengfangst forrige sesong. Men det vart eit surt eittmålstap mot dei i Førdehuset den gong.

- Det er eit lag vi pleier å slite mot, seier Oddny. Men vi går til kampane med mål om å ta fire poeng denne helga, sjølv om vi veit det kan bli tøft.

 Øyvind Indrebø og Oddny Sønnesyn instruerer spelarane sine i ein timeout i cupkampen mot Fana. Då var motstanden nokre hakk over nivået dei møter i 2. divisjon.


Førde stiller med fullt lag. Oppkøyringa til sesongen har vore langt betre enn i fjor, det har jamnt over vore 17-18 spelarar på trening, medan det i fjor kunne vere så få som fire på enkelte treningar. Mangelen på treningskampar spelar og inn. Det prøver hovudtrenar Øyvind Indrebø å rette litt på med ein treningskamp mot Sogndal onsdag kveld, ein kamp der resultatet ikkje tel. Målet er å drille inn trekk i angrep og forsvarssystem.

- Det er tidleg i sesongen og laget vårt har ikkje fått sett seg skikkeleg, så prestasjonane kan kome til å svinge ein del. Men vi gler oss til ei helg på heimebane og skal gi begge motstandarane kamp om poenga, seier Oddny.

Då håpar vi at vårt trufaste publikum finn vegen til Førdehuset igjen og støttar laget vårt.

Nokon som støttar oss er ein av sponsorane våre, Coop Extra. Laurdag et 2. divisjonsspelarane middag på Coop-kafeen.

I kampen mot BSI laurdag er det generalsponsoren vår, Sparebanken Vest som er kampsponsor.

I kampen mot Årstad søndag er det Coop Extra som er kampsponsor. 

Her er heimekampane denne sesongen:

8.10: Førde - BSI

9.10: Førde - Årstad

23.10: Førde - Ålgård

11.12: Førde - Tertnes

7.1.23: Førde - Hinna

5.2.23: Førde - Sola2

18.2.23: Førde - Stavanger

11.3.23: Førde - Randesund

18.3.23: Førde - Nærbø

15.4.23: Førde - Åsane

23.4.23: Førde - Gneist


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.