Kjekt, trass i tre tap i Bring-kvalik

Postet av Førde IL - Handball den 5. Sep 2022

J16 med jenter hovudsakeleg frå Førde, men også frå Gloppen og Stryn, var i helga på Lillestrøm for å spele kvalik til Bring-serien. Det vart tre tap, to av dei etter nokså jamne kampar. Likevel var det ei fantastisk kjekk helg for både jentene og støtteapparatet. 

Første kampen var mot heimelaget Lillestrøm i Skedsmohallen. Det stod 11-11 ved pause, utover i andre omgang seig Lillestrøm frå og vann 27-23.

Mot Tromsø leverte jentene to nokså ulike omgangar. Ved pause leia Tromsø 15-7, men andre omgang vann Førde med 13-8, slik at sluttresultatet vart 23-20 til laget frå nord.

Den tredje og siste kampen var mot det beste laget i kvaliken, Hinna. Eit veldig godt lag, i tillegg var våre jenter prega av at dei ikkje hadde sjanse på kvalik etter to tap. Det enda 27-12 til Hinna, etter 13-7 ved pause.

To av jentene våre fekk grønt kort. Fargen på kortet indikerer at dei står for noko positivt. Godt humør, ikkje sutring på dommarar og oppmuntring av medspelarar er mellom kriteria. Dei to er Ronja Holsen mot Lillestrøm, og Guro Bruland Gurvin mot Tromsø. Begge fekk kvar sin Bring-handball i premie. Tuva Tefre Kalstad scora flest mål for Førde, 11 i alt, Kristina Hjelle hadde 10 og Anna Flo Kandal 8 mål.

- Jentene var veldig spente på korleis kampane og samspelet ville fungere, seier Ole Kristian Gjerstad, som saman med Øyvind Fougli Vraalsen er trenar for J16.

- Vi fekk veldig gode svar alt i den første kampen. Samarbeidslaget gjekk tøft ut i duellane, klinka til i både angrep og forsvar, og dei var utruleg flinke til å backe opp kvarandre både på bana og frå benken. Når jentene torde å gi jernet og såg at vi matcha motstandarane, var det fleire som senka skuldrane og fekk brukt nervøsiteten til noko positivt.

Ole Kristian seier det var kjekt å sjå at spelarane gjennom tre kampar fekk kjenne på skilnaden det er når dei torde å satse og spele offensivt, kontra det å trekke seg tilbake og ikkje ha trua.

- Dei viste ein enorm styrke i den andre kampen (mot Tromsø). Vi ligg i ein periode åtte mål bak, i hovudsak fordi vi ikkje torde å angripe, men jentene gjorde ei fantastisk omstilling i andre omgang og henta inn heile leiinga. Dette er noko jentene vil ta med seg i den vidare utviklinga. Vi i trenarteamet er kjempestolte av alle jentene, både på og utanfor bana denne helga.

Desse jentene var med: Elise Benjaminsen (keeper Førde), Borgny Hetle (keeper Gloppen).

Utespelarar Førde: Guro Bruland Gurvin, Ronja Norbotten Holsen,  Marie Erichsen Myklebust, Violett Sahiti Helle,  Aurora Haugsbø Ness, Nathalie Nydal, Tuva Tefre Kalstad.

Gloppen: Kristina Hjelle.

Stryn: Inger Hjelmeseth, Anna Flo Kandal, Synne Brynestad Erdal, Lone Øen Omberg.

Støtteapparatet:

Sjåfør Erling Benjaminsen 

Trenarar Ole Kristian Gjerstad og Øyvind Fougli Vraalsen

Utstyr og kontroll over jentene:  Sissel Bruland Gurvin og Kjersti Erichsen.

 Foto: Sissel Bruland Gurvin.





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.