Marit og Fana med leksjon i effektiv handball

Postet av Førde IL - Handball den 30. Aug 2022



Førde-Fana 13-47 (6-25): Fana var som venta på eit heilt anna nivå enn 2. divisjonslaget til Førde i andre runde i NM-cupen i Førdehuset. Særleg det første kvarteret, for då var spelarane på heimelaget lette rundingsbøyer for bergensarane, som sette kursen rett mot mål så snart dei fekk sjansen. Fana scora i nesten kvart einaste angrep. Og det såg ikkje ut som Førde-spelarane hadde trua på at det gjekk an å score på Fana. Ikkje før det stod 1-15 på måltavla. Då losna det litt, samstundes som forsvaret gav målvakt Andrea Boge Solås litt meir hjelp.

 Det stod 6-25 på måltavla då laga gjekk til pause, og det heile enda med 47-13 til Fana. I andre omgang kom Førde til langt fleire avslutningar, men Fana-målvakt Ida Drønen var ikkje lett å overliste. Handballunderhaldning var det mange døme på. Fana varta opp med fleire flygarar og andre fikse detaljar, så publikum fekk god valuta for inngangspengane.

Førde-trenar Øyvind Indrebø konstaterte at nivåskilnaden var stor.

- Med tanke på at dette var vår første kamp denne sesongen, og at vi møtte laget som var det femte beste i landet sist sesong, så var det vel slik det måtte gå. Men det kom seg litt utover kampen. No må vi jobbe knallhardt fram mot dei første seriekampane.

Tuva Tefre Kalstad (t.v.) fekk sin seniordebut og kvitterte med å sette inn eitt mål mot eliteserielaget.

Målscorarar for Førde: Emma Gloppestad 5 (3 på straffe), Benedicte Frøyen Bergset 3, Oda Vindheim 2, Tuva Tefre Kalstad 1, Ingrid Sofie Indrebø 1, Alexandra Afloarei 1. 

Toppscorar for Fana vart Sara Berg med 13 mål, 6 av dei på straffe.

Benedicte Frøyen Bergset vart kåra til Førde sin beste spelar, medan Marit Ova Bøyum frå Vassenden fekk den æra blant mange gode Fana-spelarar. - Kanskje litt subjektivt, det var hjarta som snakka, sa speker Tom Farsund. Men Fana-trenar Erlend Lyssand meiner avgjerda slett ikkje var feil. Marit scora fire mål, og varta i tillegg opp med mange flotte frispelingar av lagvenninner.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.