Her førebur dei tidenes Førde Cup

Postet av Førde IL - Handball den 24. Aug 2022

Tysdag hadde arrangementskomiteen for Extra Førde Cup 2022 sitt siste møte for å få på plass dei siste detaljane. Det er stor spenning framfor cupen, ikkje berre fordi det er to år sidan sist vi fekk arrangere denne viktige turneringa, men også fordi det er rekorddeltaking. 83 lag med rundt 900 spelarar skal utfalde seg i Førdehuset og Halbrendshallen, i alt 191 kampar blir det. Leiar Rune Øksenberg i Førde Handball seier dette ikkje hadde gått om vi berre hadde hatt Førdehuset.

- Vi er nøydde til å bruke to hallar, det gjer det litt meir utfordrande, og det er eit stort apparat som skal til for å få det til. Berre maten krev mykje, det er 500 som skal ete, det blir mange eingongstallerkenar og glas.

Mona Masdal er mellom dei som skal ha ansvaret for at det blir nok mat Ho har bestilt 100 pizzaer frå Dolly Dimples, i tillegg skal foreldra til Førde-spelarane levere like mange. Og det er berre ein del av mattilbodet. Spelarane skal m.a. ha to frukostar servert.

Overnattinga for dei tilreisande laga er også i hamn, seier Rune.

- Men det er eit stort apparat. Berre det å ha vakter både på dagtid og om natta, pluss rydding, på dei skulane der spelarane skal bu, er ein kabal for seg sjølv. Det er mykje som skal på plass. Det er snakk om tusenvis av dugnadstimar frå styre og komite, trenarar og oppmenn og andre friviljuge. Det er eit stort felles løft for å få det til.

Den store påmeldinga tyder på at mange handballspelarar har lengta etter å få spele turnering etter to år med pandemi og nedstenging.

- Vi er heilt på grensa av det vi greier å få til, men det er veldig kjekt at så mange vil kome til Førde., seier Rune. Han seier dei har lagt til rette for at dei tilreisande skal få meir moro enn berre handballen under opphaldet i Førde.

- Det skal bli ei skikkeleg helg. Vi har fått utvida opningstidene i symjehallen, og det er ekstra kinoframsyning. Mellom sponsorane våre er Sunnfjordparken med alle sine trampoliner og andre aktivitetar som spelarane kan utforske om dei vil, så dette blir ei festhelg for handball.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.

Her finn du meir info om deltakande lag og oversyn over alle sponsorane som gjer det mogeleg å arrangere Extra Førde Cup:


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.