Endeleg kom sigeren!

Postet av Førde IL - Handball den 23. Apr 2022

Førde-Hinna 26-25 (14-12): Litt uventa, men desto meir velkomne, var dei to poenga Førde skaffa seg mot Hinna i Førdehuset laurdag ettermiddag. Hinna, som ligg på fjerdeplass på tabellen, kom nok ikkje til Førde med sitt aller sterkaste lag. Likevel var det ein sterk og heilhjarta prestasjon av heimelaget, som måtte greie seg utan Emma Gloppestad. Ho scora 21 mål på dei to siste kampane. Men dei som var tilgjengelege gjorde jobben sin.

Det var jamnt heile første omgang, som regel med Førde eitt og to mål føre. Martine Vindheim sleit litt med å få nettkjenning i starten, men når ho først kom i siget, var ho ustoppeleg. Det enda med ti spelemål, og ho vart kåra til beste spelaren på Førde. Premien var ein sekk frå kampsponsor Enivest. På biletet ser vi henne saman med Alex (Alexandra Afloarei), som gjorde comeback og bidrog med godt forsvarsspel. Det bør nemnast at begge målvaktene våre, Andrea Boge Solås og Anna Schrøder, hadde mange viktige redningar.

Det stod 14-12 til Førde ved pause, utover i andre omgang var det framleis jamnt, og Hinna tok leiinga i kampen for første gong på stillinga 18-19. Så kom ein sterk Førde-periode, og sju minutt før slutt stod det 26-22 på måltavla. Men det skulle bli spennande heilt ut. I angrep vart det stang ut, og Hinna reduserte til 26-25 med eitt minutt igjen. Det vart sluttresultatet, og dermed to veldig etterlengta poeng. No er vi over nedrykksstreken, vi har sju, Kjøkkelvik seks og Viking fire poeng. Og vi skal møte begge desse laga. Viking er motstandar heime 1. mai. Då håpar vi litt fleire møter opp enn mot Hinna.

Måla til Førde vart scora av Martine Vindheim (10), Oda Vindheim (5), Maria Ullebust Oppedal (5), Veslemøy Risnes Kjønås (2), Ingrid Sofie Indrebø (2), Amalie Haugsbø Ness (1) og Martine Orrestad Andersen (1).

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.