Kjerstin er i gang att

Postet av Førde IL - Handball den 11. Jan 2022

Kjerstin Boge Solås er omsider klar for seriespel for Byåsen, etter ein marerittaktig serie av skadar. Jenta frå Dale, som nett fylte 24 år, har vore innpå i tre seriekampar til no. Det har resultert i to mål (og ein tominuttar), og det beskjedne talet på scoringar fortel mellom anna at ho blir matcha svært varsamt enno.

- Eg har eit maks tal minutt eg får lov å spele i løpet av kampen. Det er litt rart og framleis mykje nerver, men det kjennest bra ut. Eg får gode tilbakemeldingar frå trenaren, men det er alltid ting og detaljar å jobbe med.

- Blir det mest forsvarsspel på deg?

- Nei, eg spelar like mykje begge vegar, slik det er no.

Det har gått fem år sidan ho som tidenes yngste debutant på kvinnelandslaget var med på å ta gull i EM i Sverige. Då var ho enno ikkje fylt 19 år. Ho spelte jentehandball i handball i Dale, før ho fekk prøve seg på eit høgare nivå i Førde. Deretter gjekk turen til Bergen og Tertnes, før ho prøvde seg som utanlandsproff i Ungarn. Det var der skademarerittet starta, og Kjerstin vende nasen heimatt til Norge. 

Byåsen vart den neste klubben, men alt i oktober 2020 var det klart for ny skade og eit halvt år med opptrening. No, godt og vel eitt år seinare, håpar ho at knea held, slik at ho igjen kan spele ein sentral rolle i norsk handball.

Då Byåsen slo Follo 30-27 søndag var ho ei av dei trenaren sende på bana frå starten av andre omgang. Då snudde trønderane 11-13 til 16-16 på få minutt, og det enda med to poeng.

Tekst; Kjell Arvid Stølen. Foto: Lars Skaug.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.