Nok eit surt heimetap

Postet av Førde IL - Handball den 24. Okt 2021

Benedicte Frøyen Bergset sette inn sju mål, men nok ein gong vart det tap i sluttminutta.

Førde-Kjøkkelvik 29-30 (14-15)

Kjøkkelvik kom til Førde etter fire tap på rad, og var dermed eit lag Førde bør ta poeng mot. Men det skulle vise seg å bli eit svært jamt oppgjer, som laget frå Bergen til slutt vann med minst mogeleg margin. Førde, som hadde fått med att strekspelar Benedicte Frøyen Bergset, kom bra i gang  og hadde ei leiing på 5-2. Men det jamna seg ut, laga fylgde kvarandre tett fram til sidebyte, pauseresultatet var 14-15.

Ingrid Indrebø (biletet over) bidrog med eit par skikkelege susarar frå distanse, medan Martine Vindheim hadde ein veldig god dag på kanten. Det første kvarteret av andreomgang skifte laga om å ha eittmålsleiing, men så fekk Førde ein god femminuttsperiode. Då stod det brått 27-23 på måltavla. Trenar Øyvind Fougli Vraalsen tok timeout og formana jentene om korleis dei skulle ta vare på denne leiinga. 


 Forsvarsspelet fungerte godt i periodar, men strekspelaren til Kjøkkelvik var vanskeleg å få tak på.

Men i staden for å gjere nettopp det, vart altfor mange av angrepa avslutta for tidleg og på for dårlege sjansar, og Kjøkkelvik augna sjansen til å kome tilbake i kampen. På stillinga 29-28 til Førde fekk heimelaget ei kontring som dessverre gjekk i stanga og ut, og i staden prikka den gode strekspelaren til Kjøkkelvik, Charlotte Christiansen Fuglseth, inn to mål og sikra årets første siger til laget sitt.
Dermed vart det nok ein gong ein betutta gjeng som stod att poenglause på heimebane. Martine Vindheim vart kåra til den beste spelaren på heimelaget.
Målscorarar for Førde: Martine Vindheim 8, Benedicte Frøyen Bergset 7, Oda Vindheim 5, Veslemøy Risnes Kjønås 4, Regine Boge Skadal 2, Ingrid Indrebø 2 og Agnete Hjelmeland Ørnehaug 1.
Martine Vindheim gjorde ein veldig god kamp for Førde, og fekk eit gåvekort frå Coop Extra.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.