Oda lærde å gå på handballbana

Postet av Førde IL - Handball den 14. Okt 2021


Oda Vindheim - frå maskot til kaptein. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Oda Vindheim (21) er ikkje av dei som ruvar på handballbana, men ho har teke lange steg som spelar sidan ho var med på å rykke ned frå 1. divisjon. Då fekk ho relativt korte innhopp som høgre kantspelar og heilt mot slutten som midtspelar.  No er ho kaptein på 2. divisjonslaget til Førde, ho er motoren i laget som midtspelar, og ho er toppscorar.

Ho er samd i at ho har hatt ei rivande utvikling. Den tidlegare maskoten er blitt vaksen.

Heile troppen til Førde sesongen 2021/22. Foto: Photoevent.

Oda kan nesten seiast å ha fått handballen inn med morsmjølka. Far Arild Vindheim har spelt handball for Førde, og mor Oddny Sønnesyn har hatt ein lang karriere som spelar på Førde. Mykje av den tida hadde ho døtrene Martine og Oda med seg på trening og kampar. 

- Eg trur faktisk eg lærde å gå på handballbana, og interessa for å spele sjølv kom tidleg, seier Oda.

No er ho vaksen og er saman med storesøster Martine, målvakt Andrea Boge Solås og strekspelar Benedicte Frøyen Bergset dei einaste som er att frå laget som spelte i 1. divisjon sesongen 2019/2020. Lagleiarane har gitt henne stort ansvar, og ho har teke utfordringa. Etter tre bortekampar er fasiten ein siger, ein uavgjort og eitt tap.

- Det har gått bra så langt. Det blir spennande å sjå korleis det går laurdag i heimekampen mot Årstad. Vi satsar på poeng.

I tillegg til å vere spelefordelar og kaptein, har Oda teke ansvaret for å ta straffekast, og ho er toppscorar på laget etter tre kampar.

- Eg har scora ein del mål også på langskot. Når eg ikkje har høgda til å skyte over muren, må eg vere smart og finne opningane på andre måtar. Eg har trent mykje på stegskot. Det kjem kanskje overraskande på motstandarane når eg skyt.

Ho håpar mange finn vegen til Førdehuset laurdag 16. oktober klokka 16. Sjukepleiestudenten presiserer at alle inngangspengane skal gå til rosa sløyfe-aksjonen. Motstandaren Årstad er på niandeplass med to poeng, to plassar og eitt poeng bak Førde før kampen.

Oda har gått i fotspora til mora også utdanningsmessig. Ho studerer sjukepleie. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Tekst: Kjell Arvid Stølen.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.