BLI KJENT MED….

Postet av Førde IL - Handball den 16. Nov 2019


Martine Vindheim

  • Posisjon: Kantspelar 
  • Fødd:12. 11. 1996
  • Frå: Førde
  • Tidlegare klubbar: Førde
  • Bustad: Førde/Sogndal
  • Jobb/studie: Lærarstudie ved HVL Sogndal

Trass sin unge alder, 23, er Martine Vindheim likevel ein av dei mest erfarne spelarane på årets Førde-lag i 1. divisjon.

- Ja, det har blitt nokre sesongar på Førde sitt seniorlag. Eg hugsar at eg fekk seniordebuten min på samme lag som mamma i 4. divisjon. Trur det må ha vore då eg var 16 år. Og det betyr vel at eg har spelt på seniornivå her i Førde i sju sesongar det, seier Martine Vindheim som til dagleg er allmenlærarstudent ved Høgskulen i Sogndal.

Studerer

- Akkurat no bur eg stort sett heime, og det er ein fin kombinasjon å spele handball samt å studere. Det var litt tyngre då vi pendla fram og tilbake til Sogndal fleire kveldar i veka, seier den  fotrappe kantspelaren og siktar til åra då ho og Marit Ova Bøyum reiste fram og tilbake mellom Sogndal og Førde.

- Då vart vi veldig samansveisa, og det var kanskje noko av grunnen til at samarbeidet mellom oss også var så god på bana. Etter at Marit drog til Fana og Maria Oppedal vart skada, så har vi fått heilt ny backrekke. Og det tek sjølvsagt noko tid før vi blir kjende med kvarandre og forstår korleis vi tenkjer, seier Martine Vindheim som likevel har 18 mål frå sin kantposisjon etter dei åtte første kampane.

Fleire mål

- Håpar det blir nokre fleire mot Ålgård på søndag. I fjor hadde vi både siger og tap mot dei, og det er eitt av dei laga vi absolutt bør kunne stele poeng av. Målet er iallfall å få full poengpott i helga. Etter denne kampen skal vi nemleg ha to helger med spelefri, og då kan ein siger gje positive ringverknader inn i treningsperioden. Så vi går for to poeng mot Ålgård, seier Martine Vindheim og håpar publikum stiller opp i Førdehuset til denne kampen.

- Vi merkar det at vi yter alltid litt ekstra nå det er godt med tilskodarar. Så eg håpar å sjå mange på tribunene mot Ålgård, seier Martine Vindheim.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.