Tabelltopp etter utklassing av Lindås

Postet av Førde IL - Handball den 19. Feb 2023

H5: Førde/Gloppen 2-Lindås 47-9 (23-5): Lindås kom til Førdehuset med berre ein innbytar, og det vart ein mildt sagt lite spennande kamp. Sjølv utan vår toppscorar Lars Engen Skadal var det som eit barneskirenn, for å sitere Petter Northug. Etter første omgang stod det 23-5, og heimelaget fortsette å male på etter pause, slik at det til slutt stod 47-9 på måltavla.

Dermed tronar vi på toppen av femtedivisjonstabellen, med 13 poeng, eitt føre BSI 2. Det står att to heimekampar, mot Fyllingen 3 den 5. mars og mot BSI 2 den 18. mars.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 17, Ole Kristian Gjerstad 7, Kristian Henden 7, Matheus Diaz Boge 6, Jakob Hoff 4, Robin Marvik Gjesdal 4, Øyvind Fougli Vraalsen 1, Simen Roligheten 1. 



Endå eit surt heimetap

Postet av Førde IL - Handball den 18. Feb 2023

Førde-Stavanger 23-26 (10-13): Førde låg under med fem mål då ni minutt var spelt av andre omgang. Då starta opphentinga, og med seks og eit halvt minutt igjen sette Kinga Lemiech (biletet) inn 22-22. Med ei slik utvikling trudde dei fleste i Førdehuset på at det endeleg skulle bli to poeng. Men slik gjekk det ikkje. Gjestene frå Stavanger drog det lengste strået og vann med tre mål.

- Vi vart litt for ivrige, seier trenar Øyvind Indrebø.

I staden for å spele og vente på gode sjansar, vart spelarane for utålmodige.

- Det var ein kamp der vi vart jagande etter heile tida, og det stressar spelarane, seier Øyvind, som heller ikkje var spesielt nøgd med dømminga i kampen..

Men det starta godt, særleg i forsvar. Vi var føre med 3-1 etter fire minutt, men så kom Stavanger sterkare, samstundes som det vart gjort mykje feil i vårt angrep. Ved pause leia Stavanger med tre mål.

Og starten av andre omgang var ikkje bra, Stavanger hadde femmålsleiing 17-12, før vi hadde ein god periode og var nær poengfangst. Men kvaliteten på angrepsspelet vårt varierte for mykje, og det meste av avslutningsansvaret fall på Kinga Lemiech og Emma Gloppestad. 

Kinga kriga inn 10 mål, viste skikkeleg fighting spirit, og vart fullt fortent kåra til vår beste spelar.

Med dette tapet er det fire poeng opp til trygg plass.

Måla til Førde: Kinga Lemiech 10 (2 på straffe), Emma Gloppestad 6, Oda Vindheim 3 (2 på straffe), Maren Totland Aase 2, Benedicte Frøyen Bergset 1, Sara Dyrhol Vatne 1.




Møt opp og støtt oss!

Postet av Førde IL - Handball den 17. Feb 2023

 Laurdag klokka 16.00 håpar vi at du er på plass på tribuna på bane 3 i Førdehuset. For då spelar Førde ein veldig viktig kamp. Motstandar er Stavanger, som ligg på 10. plass med sju poeng. Vi ligg på 11. og nestsiste plass med fem poeng. Det seier seg sjølv at to poeng her er enormt viktig i kampen for å halde plassen i 2. divisjon.

Kaptein Oda Vindheim og strekspelar Benedicte Frøyen Bergset (biletet) sette stor pris på støtta frå publikum i kampen mot Sola 2, sjølv om det ikkje vart poeng då. Laget kapra eitt poeng borte mot Tertnes sist søndag, og var sekundet frå å ta to, så det har sett ein ekstra kveik i jentene.

Det er framleis åtte kampar att av årets serie, og mange av dei er på heimebane, så trenar Øyvind Indrebø har trua på at laget no kan avansere på tabellen. Men støtte frå heimepublikum kan vere det som får kampen til å vippe i vår favør, så kom og hjelp oss til poeng!

Vi håpar at alle som støtta laget mot Sola2 møter opp laurdag og får med seg endå fleire.

 Foto: Photoevent og Kjell Arvid Stølen.



Låg under med seks mål, vann med fem

Postet av Førde IL - Handball den 15. Feb 2023

J16 Gloppen-Førde 19-24 (12-9): Onsdag drog J16 til Sandane for å møte Gloppen. Gloppen hadde ein periode i første omgang der dei leia med seks mål. Førde-jentene sleit med både forsvar og angrep.  Til pause var stillinga 12-9 til Gloppen. 

I starten av andre omgang greidde Førde-jentene raskt å hente inn leiinga.  Dei stod stødig i forsvar. Gode avtalar i angrep  førte til mange gode avslutningar, som gav flotte scoringar.  

Førde fortsette å jobbe godt både i forsvar og angrep resten av kampen, noko som gav oss sigeren, vi vann 24-19. Ein flott og nervepirrande kamp, og laget er framleis ubeseira hittil i sesongen. 

Tone Helen Breidvik Nydal



Første poengtapet til herrelaget

Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2023

Fyllingen 3-Førde/Gloppen2 34-34 (18-20): For første gongen denne sesongen fekk Førde-herrane kamp til døra, og det enda med poengdeling mot Fyllingen3 i Framohallen i Bergen. Det vart ei deamatisk avslutning på kampen. Etter at Førde leia med to mål ved pause, var Fyllingen3 i føringa det meste av andre omgang.

Med ti minutt igjen leia heimelaget med to mål. Då reduserte første Thomas Niiranen Hamre (på biletet over) til 32-31, før Daniel Kvidahl sette inn to mål, og vi var eitt mål føre. Då fekk Thomas raudt kort, og Fyllingen3 utlikna på straffekast.

Lars Engen Skadal sette inn ny eittmålsleiing 48 sekund før slutt, men heimelaget greidde å utlikne 14 sekund før sluttsignalet.

Dermed ligg vi på andreplass på tabellen med 11 poeng. BSI2 har 12 poeng med ein kamp meir spelt. Og no har Førde att berre heimekampar, så topplassen er absolutt innan rekkevidde.

Måla til Førde: Lars Engen Skadal 10, Daniel Kvidahl 9, Thomas Niiranen Hamre 6, Ole Kristian Gjerstad 5, Ole Jørgen Ravnøy Olsen 2,  Robin Marvik Gjesdal 2.



Handballglede i Askvollhallen

Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2023

Laurdag 11. februar blei nest siste Intersport 4`ar turnering for sesongen arrangert. Det var 13 motiverte og ivrige jenter frå Førde J7 som møtte opp i Askvollhallen denne regntunge laurdagen. Vi stilte med tre lag, og det blei dermed mykje speletid for alle jentene som var med.

Vi laga mange flotte mål, hadde fleire gode redningar av målvakt og hadde ein veldig fin dag i Askvoll, både sosialt og handballmessig. No gler vi oss til vi skal spele på heimebane i Førdehuset 19. mars, den siste turneringa for sesongen.



Eitt poeng mot Tertnes, veldig nær to

Postet av Førde IL - Handball den 12. Feb 2023

Tertnes-Førde 26-26 (12-12): Med 11 sekund igjen, på stillinga 26-25 til Førde, tok Tertnes timeout, og i det aller siste sekundet greidde tidlegare Førde-spelar Margrethe Mjåtveit å hindre at Førde fekk med seg to poeng frå Bergen. Men det vart iallfall eitt poeng, etter heilhjarta innsats.

Førde kom godt i gang i kampen og leia 4-1 før det hadde gått seks minutt. Så kom Tertnes sterkare og hadde på det meste ei tremålsleiing, før Førde scora tre på rappen og utlikna til 12-12 ved pause.

I andre omgang var Tertnes stort sett i føringa, på det meste 19-16. Men Førde-jentene nekta å gi opp. Kaptein Oda Vindheim (biletet over) gjekk føre og scora mellom anna fire mål frå straffemerket.

Då det stod att tre minutt av kampen, var Førde i leiing etter mål av Emma Gloppestad (biletet over). Tertnes utlikna til 25-25, men igjen var Emma frampå med sitt åttande mål, og det såg ut til å bli vinnarmålet. Veldig surt då Margrethe Mjåtveit øydela festen for tidlegare lagvenninner med sitt mål nummer fire for Tertnes.

Måla til Førde: Oda Vindheim 8 (4 på straffe), Emma Gloppestad 8 (1 på straffe), Kinga Lemiech 3, Benedicte Bergset 2, Alexandra Afloarei 2, Maren Totland Aase 1, Tuva Tefre Kalstad 1, Sara Dyrhol Vatne 1. 

Laurdag spelte Førde mot topplaget Ålgård, som vann 39-23 etter 20-10 ved pause. I den kampen hadde Førde ein bra start og heldt fylgje med serieleiaren i ti minutt. Då stod det 6-6. Derifrå vart Ålgård for sterke, og det enda til slutt med eit 16-målstap. Kinga Lemiech gjorde ein god kamp for Førde og sette inn sju mål. Det same hadde Oda Vindheim, av dei fire på straffe, Benedicte Bergset hadde fire, Maren Totland Aase to, Tuva Tefre Kalstad, Sara Dyrhol Vatne og Thea Sønnesyn eitt kvar.

Emma Gloppestad var ikkje med til Rogaland.

Trenar Øyvind Indrebø har tru på at dette berre er starten på klatring på tabellen.

- Fantastisk innsats av jentene i helga! God øving mot Ålgård laurdag og ein svært god moral og prestasjon av laget i dag. Begge dagar følgde vi kampplanen svært bra. Etter ein god start i dag med 4-1 ledelse, tek dei igjen oss og vi ligg bak det meste av tida, men vi var tru mot opplegget, og stressa ikkje. God og roleg stemning i heile kampen. Det står det stor respekt av!

Der og då er det sjølvsagt surt å tape det eine poenget, men det er viktigare det poenget vi tok. Vi leda for første gang i 2 omg når det var 3 min igjen! Samla sett leverte vi ein svært solid kamp, og stadfestar at vi har svært gode mulegheiter å klatre på tabellen!



Ver med og ta eit tak!

Postet av Førde IL - Handball den 10. Feb 2023

Å vere med på handball gir mykje glede, mange kjekke opplevingar, samhald, kameratskap og lagkjensle. Enkelte spelarar, som Marit Ova Bøyum og Martine Vindheim, har gjort det så godt at dei no spelar på norsk toppnivå. Men for dei fleste er det nok med å vere med på eit lag, av og til vinne, andre gonger tape. Uansett er det kjekt for dei fleste som vel denne idretten.

Men for at dei skal få sjansen til å oppleve alt det handballen kan gi dei, er dei avhengige av at nokon legg til rette for det. Det må pengar til for å leige hall til trening og kampar, til dommarutgifter. Nokon må syte for at det finst trenarar og oppmenn til alle laga, at laga har drakter og alt anna dei treng.

Dette er eit ubetalt arbeid, det å sitte i styret i handballgruppa, å vere med i sportsleg utval, vere oppmann.  Men dei som vel det, får mykje att for den tida dei brukar på tilrettelegginga. Det å  sjå gleda hjå ungane på bana, sjå samhaldet, er god betaling.

Eira Weseth, som vart kåret til Årets eldsjel på Idrettstinget i januar, fortalde at ho fekk beskjed frå faren sin om å seie ja dersom ho vart spurd om å ta eit verv innan idretten. - For du får meir igjen enn det du gir, sa han.

Les meir om dete her: https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/si-ja_-oppfordrer-arets-ildsjel-eira-_73_-1.16248856

No er det snart årsmøte i Førde IL Handball, og det er ledige verv. Så om du får spørsmål om å vere med på laget, så gjer som Eira Weseth: Sei ja!



Samarbeid med fotballgruppa

Postet av Førde IL - Handball den 10. Feb 2023

På styremøtet 7. februar var ei av sakene eit utkast til samarbeidsavtale med fotballgruppa. Målet er å unngå unødvendige konfliktar, og syte for at gutar og jenter som ynskjer det, kan drive med både handball og fotball lengst mogeleg. Styret hadde framlegg til eit lite tillegg i avtalen, vi ynskjer at det skal vere møte mellom gruppene på leiarnivå to gonger i året.

På møtet orienterte leiar i sportsleg utval, Øyvind Fougli Vraalsen, om at det no blir sett i gang eit guteprosjekt, med tanke på å få fleire gutar med frå neste sesong. Han har teke kontakt med Jølster Il om samarbeid, og vil og snakke med Gaular IL.

Øyvind Indrebø fortalde om status for damelaget i 2. divisjon. Sjølv om laget har tapt dei tre kampane etter nyttår, er han meir optimistisk no enn før jul, med tanke på å berge plassen. Vi har fått på plass ein ny spelar, polske Kinga Lemiech, og det er framleis 20 poeng å kjempe om.

Rekneskapen for 2022 er  klar. Den viser eit overskot på vel 165.000 kr. Leiar Rune Øksenberg seier at det har vore jobba godt for å skaffe inntekter og for å halde kostnadene nede. Vi har eit godt grunnlag for drift av handballgruppa framover. Eit godt overskot på Extra Førde Cup  er hovudårsaka til det positive resultatet.

Det vart avgjort at vi skal avvikle årsmøtet den 8. mars klokka 18.00 i Hafstadparken, så sant det er ledig der. Viss ikkje, blir årsmøtet på Scandic Sunnfjord Hotell.



Rett mann på rett plass

Postet av Førde IL - Handball den 6. Feb 2023

Førde IL Handball har slite litt med å stille med nok dommarar, og difor var det viktig å finne ein dommaransvarleg som kunne få orden på dette. Og då var det naturleg å spørje Terje Holvik.

- Eg var ikkje i tvil då eg fekk spørsmålet. Eg har lang erfaring som dommar, eg har både formell og praktisk kunnskap. Eg dømmer kampar rundt om i heile tidlegare Sogn og Fjordane, og eg ser kor stor trong det er for å rekruttere fleire til å dømme kampane, seier Terje.

53-åringen er gløppar, og han representerer framleis moderklubben STIL (Sandane Turn og Idrettslag) når han dømmer, sjølv om han har budd i Førde sidan 1999.

- Eg tok til å spele handball då eg var 12 år, men vi var allsidige og dreiv med fleire idrettsgreiner. Etter kvart vart det mest handball, og eg spelte til eg var 27 år. Men eg starta tidleg med å dømme fotballkampar, alt som 12-åring, saman med Steinar Holvik, som seinare vart fotballdommar på høgt nivå. Handball tok eg til å dømme då eg var 16.

Og der har Terje satsa mykje tid og krefter.

- I 2002 starta eg og Kjetil Hansen på eit utdanningsløp i Handballforbundet, eit veldig tidkrevjande løp. Vi var ti par som starta då, eitt av dei er i dag det beste i landet, dei dømmer m.a. i VM.

- Det meste prellar av

Sjølv har Terje dømt i 1. divisjon. I dag er det stort sett 3. divisjon og aldersbestemt handball det går i. For tida dømmer han mest i lag med Torstein Kvam frå Jotun, snart 73 år og framleis going strong. Og Terje har ikkje tenkt å gi seg med dømming, sjølv om det av og til kan gå ei kule varmt.

- Det meste av kjeft prellar av, sjølv om det til tider kan bli i meste laget. For det meste er det moro å vere dommar, og det er det vi prøver å formidle til dei unge som no har sagt ja til å ta dommarutdanning. Eg ser ingen grunn til å gi meg, det er god gubbetrening og hjernetrening.

Ti på dommarkurs

Det første resultatet av Terje si gjerning som dommaransvarleg er at Førde no har ti unge som har teke til på Dommar 1-kurs. I tillegg har vi veteranen Jan Erik Odden som framleis dømmer kampar. Terje meiner det er ein fordel for unge handballspåelarar å ha dommarerfaring.

- Dei tener på det, både som spelar og dommar. Eg ser at dei som har dømt kampar ofte er i forkant som spelar. Og eg har som mål å få dei til å bli ivrige og ambisiøse. Vi må skape eit dommarmiljø, vi skal treffast og utveksle tips og gode råd.

I tillegg til dei ti på Dommar 1-kurs har vi tre 14-åringar som er barnekampleiarar. Dei er flinke og ivrige, og vil nok gjennomføre Dommar 1-kurs når dei fyller 15 år.

Starta Førde United

Terje er utdanna vernepleiar, har hatt Førde kommune og no Sunnfjord kommune som arbeidsplass og har jobba med psykisk utviklingshemma. Det er litt av bakgrunnen for at han starta Førde United.

- Eg jobba 50 prosent i Handballforbundet og vart kjend med Gullserien. Eg kjende mange som eg visste ville ha glede av å vere med på handball. Det finaste eg har vore med på innan handball var då spelarane på Førde United fekk drakter. Det er stort for dei å gå rundt i kle med klubbeffektar og kjenne på klubbkjensla.

Terje Holvik som lagleiar for Førde United.



Kjempekamp av Andrea, men ikkje poeng

Postet av Førde IL - Handball den 5. Feb 2023

Førde-Sola 2 19-21 (9-9): Andrea Boge Solås stod som ein levande vegg og vart veldig fortent kåra til vår beste spelar i kampen mot Sola 2 i Førdehuset. Ho ville nok mykje heller hatt to poeng, for det var absolutt innan rekkevidde mot eit litt redusert Sola-lag, som dagen før spelte uavgjort mot Tertnes. Gjestene pådrog seg heile åtte utvisningar, men heimelaget var ikkje flinke til å utnytte overtalet.

Oda Vindheim scora på to straffekast, men vi bomma på fire.

 

I det heile var det i angrep det svikta. Forsvarsspelet fungerte godt, og i etablert forsvar tok Andrea det meste som kom. Etter 19 minutt var vi i føringa med 5-3, og til pause stod det 9-9. 

Vi tok leiinga 10-9 i første angrepet i andre omgang, men derifrå var det lite som stemte offensivt. Veldig mange angrep vart sosa bort med tekniske feil og pasningar rett i armane på forsvaret. Det førde til ei rad med kontringar, dei fleste av måla til Sola 2 i andre omgang kom på den måten. Med fem minutt igjen var bortelaget føre med fire mål, og vi greidde berre å knappe inn med to.

Det høyrer med til historia at vi berre sette inn to av dei seks straffekasta vi vart tildelt. Med full effektivitet der hadde poenga blitt i Førde.

Trenar Øyvind Indrebø var nøgd med forsvarsspelet, men var frustrert over at så mange angrep vart øydelagde av feil val og tekniske feil.

Kinga Lemiech debuterte med to mål.

 

Polske Kinga Lemiech fekk sin debut for Førde etter å ha landa på Bringeland laurdag kveld. Med meir samtrening med laget vil ho nok bli ein god tilvekst når det snører seg til mot slutten av sesongen. Mot Sola vart det med to scoringar.

Benedicte Bergste på streken.

 

Av utespelarane var det Benedicte Bergset den som var mest effektiv framover på bana med sine seks spelemål.

Måla til Førde: Benedicte Bergset 6, Oda Vindheim 6 (2 på straffe), Kinga Lemiech 2, Maren Totland Aase 2, Ronja Nordbotten Holsen 1, Sara Dyrhol Vatne 1 og Emma Gloppestad 1. 

I tillegg til innsatsen til Andrea i mål, var det mykje å gle seg over på tribuna. Coop Extra hadde lova gåvekort til den gruppa som heia mest på heimelaget. På biletet under ser du dei som sikra seg det gåvekortet.

J11-jentene fekk springe inn på bana saman med heimespelarane.

 

 



Sparebanken Vest med rekordhøgt kundeutbyte

Postet av Førde IL - Handball den 4. Feb 2023

Generalsponsoren vår, Sparebanken Vest, hadde eit godt år i 2022, og det kjem kundane til gode. I tillegg til å støtte Førde IL Handball og mange andre gode føremål, deler banken overskotet sitt med kundane. Les meir her:



Kom og lag stemning i Førdehuset!

Postet av Førde IL - Handball den 1. Feb 2023

Søndag 5. februar klokka 13 spelar damelaget vårt ein veldig viktig kamp i 2. divisjon. Motstandar er Sola 2, som har vunne 11 av sine 14 kampar denne sesongen. Vi er nest sist og treng sårt poeng. Difor treng vi heilhjarta støtte frå tribunane.

Vi inviterer difor til kjempestemning i Førdehuset. Still eit supporterlag og ver dei som skaper mest stemning på tribuna. Det laget som lagar mest stemning og moro vinn fire gåvekort frå vår sponsor Coop Extra på kr 250 pr stk. Ta med deg vener, foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, kollegaer, naboar etc. Gjer som Roger Klakegg og Rune Øksenberg, ta på deg artige effektar og ta med supporterutstyr til kamp!

 Alle som stiller supporterlag kjem gratis inn. Har du ikkje supporterutstyr har vi mange forskjellige hattar (som i VM) og effektar som du kan kjøpe i inngangspartiet før kampen. Elles kan du kle deg ut i det du har i skåpet 👍 Velkomen på kamp og til veldig god stemning for å heie damene våre fram til siger!

Damene lovar å gi alt, og får til litt ekstra når dei får god støtte frå heimepublikum.