- Vi er kjempeglade for denne meldinga

Lagt ut av Førde IL - Handball den 30. Sep 2020

Førde il Handball sin sportslege leiar kunne smilande sjå at klubbens hovudtrenar Øyvind Fougli Vraalsen kunne orientere spelarane på trening i Førdehuset tysdag kveld om kulturminister Abid Raja si gladmelding. 

- No nærmar vi oss skikkeleg. Berre knappe 14 dagar til, så kan vi trene med fullkontakt igjen. Datoen er 12. oktober. Og kanskje kan det bli aktuelt med seriestart om ikkje så veldig lenge, smilte Førde-trenaren og signaliserte overfor spelarane at om lag fire månadar med alternativ trening kan gå mot slutten.

Før jul 

Og ute på bana var det tydeleg at meldinga frå kulturministeren i dag vart motteke med glede. Spelarane smilte frå øyre til øyre, og hadde fått pågangsmotet tilbake. Noko sportsleg leiar Oddny Sønnesyn konstaterte ved sjølvsyn. -Dette er ei skikkeleg gladmelding. Spelarane har vore tolmodige lenge, men vi har sett at det har gått på motivasjonen laus i det siste. No kan vi sjå ein ende på dette. Vi hadde eit håp om at serien kanskje kunne starte opp til nyttår, men etter dei siste korona-tendensane i landet frykta vi det verste. Derfor kom dette som ei skikkeleg gladmelding. Viss ikkje alt utviklar seg feil, så kan det kanskje bli aktuelt med seriestart i november ein gong, smiler Oddny Sønnesyn om Regjeringa sitt vedtak om å iverksetje fase 1 med tanke på handballen.

Godt trente 

- Det betyr at det i denne omgang er snakk om å starte opp med fullkontakstrening for laga i 2. divisjon. Kva som skjer vidare nedover i divisjonssystemet får vi sjå på etterkvart. Vi skal vere med på eit møte med handballforbundet over helga, og då får vi sikkert vite meir om dei praktiske forholda. Det viktigaste for oss no er at vi har ein dato å sjå fram til. 12. oktober blir omtrent som ein D-dag for oss, smiler Oddny Sønnesyn og ser spelarane boltre seg ute på bana. 

- Grunna koronaen har spelarane fått lagt eit uvanleg godt fysisk grunnlag. Eg trur ikkje eg har sett spelarane våre så godt trente nokon gong tidlegare. Så vi er verkeleg klare for å komme i gang, og vi kjem til å telje ned for kvar dag framover. Sjå berre kor «happy» spelarane er, smiler Oddny.

Tekst og foto: Stig Roger Eide