Må stå over kampen onsdag

Postet av Førde IL - Handball den 28. Jan 2020

Førde sin toppscorar, Birta Run Gretarsdottir (19), hadde håp om å vere speleklar til kampen mot Rælingen onsdag kveld. Men ankelskaden gjer at ho framleis må halde seg på sidelinja.

- Eg hadde håp om at eg skulle rekke Rælingen-kampen. Men etter at eg trakka over ved nyttår, og fekk strekk i to leddband i ankelen, så har det teke lenger tid å komme tilbake etter skaden enn det eg håpa på, seier den 19 år gamle islandske bakspelaren.  


Birta Run Gretarsdottir

  • Fødd: 20.02.2000. Posisjon: Bakspelar Tidlegare klubbar: HK (Island), Kongsvinger
    Utdanning: NTG Kongsvinger Jobb: Tusenfryd barnehage

Toppscorar

For etter at ho kom til Førde i haust, har ho teke 1. divisjonsnivået på ein svært god måte, og var heilt fram til siste kamp lagets toppscorar.

- Ja, det har gått eigentleg ganske godt. Eg reiste til Førde forbi eg ville ta eit steg sportsleg opp frå Kongsvinger. Og det har eg gjort. Treningsmiljøet i Førde er svært godt, og vi er ein flott gjeng sosialt. Så ingen tvil om at eg trivst svært godt. Sjølv om eg aller helst ville ha spelt alle kampane, seier Birta som faktisk ikkje har fått spele ein einaste kamp hittil i 2020.

- Eg håpar sjølvsagt på Flint-kampen på bortebane til helga, men det kan godt hende eg må stå over den også. Eg må berre ta den tida eg treng. Heldigvis har Jeanette Øksenberg komme tilbake, og samtidig spelar Maria Oppedal meir og meir no. Og husk at vi har slått Rælingen tidlegare, og gjer det gjerne ein gong til, smiler den islandske bakspelaren kvelden føre kampen mot Rælingen i Førdehuset.

Bordtennis-gull

Og klubbens islandske spelar kan meir enn å spele handball. Ho er nemleg også islandsk juniormeister i bordtennis, og var på det islandske juniorlandslaget i den ballidretten tidlegare.

- Heilt sidan eg var seks år har eg vore oppteken av idrett, og spesielt ballidrettar. Dei siste åra er det handballen som har fått mest merksemd, og eg stortrivst med å spele i 1. divisjon. Derfor håpar eg sjølvsagt at Førde skal halde seg i divisjonen dette året. Då treng vi å sanke poeng allereie mot Rælingen onsdag kveld. Så kom i Førdehuset du også, seier Birta Run Gretarsdottir og håpar den norske EM-suksessen for herre-landslaget vil gje resultat også for den lokale handballen.

- Eg håpar det kjem masse folk på tribunene i Førdehuset og at det kan hjelpe oss til siger, seier 19-åringen.

Kampen mot Rælingen startar 18.00 i Førde onsdag 29. januar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



0 Kommentar

Kampar vi sender direkte laurdag 25. januar

Postet av Førde IL - Handball den 24. Jan 2020

I morgon (laurdag 25. januar) spelar J12, J14 og K4 i Førdehuset, og vi sender alle kampane direkte.

Førde IL Handball har no fått kamera i hallen (bane 1 og bane 3),
og kan no streame mange av handballkampane.


Her er kampane vi streamer:

11:00 Førde-Dale, jenter 12 år

12:00 Jølster Aurland, jenter 14 år

13:00 Førde 2-Stryn, 4. divisjon kvinner

14:15 Dale-Askvoll/Holmedal, jenter 12 år

15:15 Førde-Aurland, jenter 14 år

16:15 Førde-Askvoll/Holmedal, jenter 12 år


Det kostar kr 49,- for å sjå kampen direkte (kan sjå alle kampane laurdag). Ønskjer du å sjå kampen etterpå kostar det kr 59,- (då har ein kampen tilgjengeleg i 7 dagar). Dette er ein fin moglegheit for foreldre eller slekt som ikkje er tilstades i hallen, eller om det er lag som ønskjer å sjå kampen sin etterpå. Håper alle kan dele dette i Facebook-gruppene/heimesida til klubben.

Link til kampane i morgon:

https://arena.joymo.no/arena/home/livestream/FBB97N4068AdPhA2K5zQ


Vi ønskjer alle lag som spelar i Førdehuset laurdag lykke til!


0 Kommentar

Sjå Førde 2-Syril direkte laurdag

Postet av Førde IL - Handball den 17. Jan 2020

I morgon (laurdag 18. januar) er det 4. divisjonskamp mellom Førde 2 og Syril i Førdehuset kl. 11.30.


Førde IL Handball har no fått to kamera i hallen, bane 1 og bane 3, og har moglegheit til å sende mange av kampane i Førdehuset direkte.


Det kostar kr 49,- for å sjå kampen direkte.
Ønskjer du å sjå kampen etterpå kostar det kr 59,- (då har ein kampen tilgjengeleg i 7 dagar).


Trykk på linken for å komme rett til kampen: 

https://arena.joymo.no/arena/home/livestream/2obacANJT8Igkxy1ny0z


0 Kommentar

SJÅ, SÅ KJEKT ER DET PÅ KAMP

Postet av Førde IL - Handball den 8. Jan 2020

Sjå fleire bilder frå 19-19-oppgjeret mot Haslum i Førdehuset onsdag kveld.

Førde var i føringa gjennom heile 1. divisjonskampen, og var oppe i seks måls leiing tidleg i 2. omgang. Men Haslum spiste seg kraftig innpå og leia oppgjeret med 18-19 då eitt minutt stod igjen. Men då Martine Vindheim og Førde fekk straffekast i siste sekund, nytta Maria Oppedal høve til å skaffe heimelaget eit svært viktig poeng i kampen om å unngå nedrykk frå divisjonen.

Haslum ligg på to plassar over Førde på tabellen, og viser i klartekst at med tilsvarande haldningar frå Førde-spelarane i dei kommande kampane, så er det fullt mogleg å hente poeng hos dei fleste andre laga i 1. divisjon.

Her får du eit knippe av bilder frå oppgjeret, som var spennande frå første til siste sekund.

Her ser du tabellen etter kveldens kampar i 1. divisjon:

https://www.handball.no/system/kamper/turnering/?turnid=388439

Neste helg møter Førde Grane Arendal på bortebane.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

NO ER JEANETTE TILBAKE

Postet av Førde IL - Handball den 7. Jan 2020

I fjor var Jeanette Øksenberg toppscorar på Førde. Etter åtte månadar på sidelinja, er ho tilbake på 1. divisjonsarenaen i Førdehuset onsdag kveld.

Då Førde sist helg tapte med to mål mot Skrim Kongsberg (19-17) fekk Jeanette Myklebust Øksenberg oppleve sitt comeback på Førde. Då spelte ho stort sett i forsvar, men allereie mot Haslum i Førdehuset onsdag kveld, kan ein vente å sjå fjorårets toppscorar vere med framover på bana.

- Ja, no har eg trent litt med Førde i det siste, og det er kjekt å vere med i gjengen igjen. Men eg merkar sjølvsagt at det er heile åtte månadar sidan sist eg spelte kampar, seier Jeanette, som totalt scora heile 115 mål då Førde spelte i 1. divisjon i fjor.

- Etter den sesongen hadde eg godt av ein pause. Men eg har merka at eg har fått meir og meir lyst i det siste. No håpar eg sjølvsagt å bidra til at Førde kan ta litt fleire poeng, seier Øksenberg til handballgruppa si utsende på siste trening før Haslum-kampen.

Men trenar Hilmar Gudlaugsson må samstundes sjå at årets toppscorar på Førde, Birta Mar Gretardottir, ikkje kan spele kampen mot Haslum.

- Nei, det er uaktuelt for min del då eg trakka over sist veke. Men håpet er at eg skal vere klar til Rælingen-kampen, seier den islandske bakspelaren medan ho trenar alternativt i laget si siste trening føre kampen mot Haslum.

Kampen mot Haslum går onsdag kveld klokka 18.00.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline