NO ER MARIT KLAR FOR ELITESERIEN

Postet av Førde IL - Handball den 15. Jul 2019

Arkivbildet er frå ein av mange kampar som Marit Ova Bøyum har bitt kåra til banas beste spelar. 
Foto: Stig Roger Eide


Førde held fram med å produsere nye toppspelarar i handball. No er det klart at Marit Ova Bøyum skal spele for Fana i toppserien.

- Eg kjenner på meg at det er litt trist å reise frå Førde. Eg har hatt utruleg mange flotte år i klubben. Men når eg no er 23 år og har fått tilbod om overgang til Fana, så fann eg ut at tida var inne, seier Marit Ova Bøyum.

FLEIRE KLUBBAR

Dermed kan vi allereie 1. september oppleve bakspelaren, som opphaveleg kjem frå Jølster, i duellar mot Norges beste handballspelarar. Den første kampen til Marit er nemleg mot Tertnes, kor den tidlegare lagvenninna Kjerstin Boge Solås har spelt dei siste sesongane.

- Eg kjenner meg 100 prosent klar for å ta dette steget no. No har eg gjennomført bachelor i idrett i Sogndal dei siste åra, og håpar det skal vere mogleg å få ein liten jobb ved sidan av satsinga på handballen, seier Marit Ova Bøyum som også fekk tilbod om overgang til klubbane Fjellhamar og Haslum.

- Men eg valde Fana då eg opplevde at dei ville ha meg mest. Eg kjenner trenaren, Erlend Lyssand, frå tidlegare samlingar, samt at vi jo har møtt Fana fleire gonger dei siste åra. Han er ein dyktig trenar, og no håpar eg å utvikle meg meir som handballspelar, seier Ova Bøyum som i kjent stil har herja på fotballbana i det siste medan handballen har hatt spelefri.

FOTBALL

- Ja, eg elskar jo å vere aktiv. Så det har blitt nokre kampar for sogndalsklubben Studentspretten i 3. divisjon, seier Ova Bøyum og ler når journalisten viser til at ho står bokført med fire mål.

- He, he. Du har fått med deg det, ja. Eg stod sikkert på rett plass til rett tid, ler Førde sin nye toppspelar i handball hjarteleg.

Fana startar oppkøyringa til årets eliteserie 23. juli, og inann den tid står Marit Ova Bøyum midt oppe i flytte-prosessen til Bergen.

- Det sat langt inne å bestemme seg for å reise frå Førde. Eg har jo hatt det utruleg kjekt her. Men eg følte at tida var inne no. Men eg kjem sjølvsagt til å følgje tett med på korleis det går med klubben, seier Marit Ova Bøyum oppriktig.


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline